Bergsøy tapte i frustrasjonsprega cupkamp:

Reagerer på dømminga: - Bittert

Temperaturen var høg og dommarane måtte tole hardt skyts frå begge sider då Lillehammer-Faaberg karra til seg sigeren i laurdagens cupkamp mot Bergsøy.
Sport

Laurdag tok Bergsøy imot Lillehammer-Faaberg, nærare bestemt laget som sette ein stoppar for fyrstedivisjonsdraumen i førre sesong. Det låg vel såleis i korta at dette kom til å bli ein tøff og engasjerande cupkamp, noko det absolutt vart.