Imponerande opphenting av damene!

Valder leia 3–0 ved pause, og det såg ut til å bli endå ein tung kveld for Bergsøy. Men i andre omgang vakna herøyværingane.
Sport

Etter det sure tapet mot Ørsta førre veke var det revansjelystne damer som entra Havila stadion torsdag kveld.

Bergsøy-damene fekk derimot ein vanskeleg start på kampen. Valder tok leiinga allereie etter 17 minutt, og då laga gjekk til pause leia gjestane med heile 3–0.

Men etter pause var det eit nytt bergsøylag som entra bana for 2. omgang, heiter det i rapporten frå Bergsøy. Og allereie etter fem minutt av andreomgangen reduserte Synne Olin Arnesen Tjervåg til 1–3. To minutt seinare var Tjervåg på farta igjen, og sette si andre scoring for kvelden. Og ikkje lenge etter utlikna Ruth Flø Paulsen til 3–3. Dermed hadde Bergsøy-damene henta opp 0–3 til 3–3 i løpet av 19 minutt.

Fleire mål vart det derimot ikkje, og dermed delte laga poenga for andre gang denne sesongen.

Fleire hospitantar

Ruth Flø Paulsen var i denne kampen tilbake på fotballbana etter fleire år på sidelinja. Ho fekk då oppleve å spele saman med dottera Line Flø Paulsen, som hospiterte på damelaget for anledninga.

Det gjorde også Sofie Rooney og Rebecca Herskedal, som begge klarte seg bra.

Neste kamp for damene er borte mot Stranda/Sunnylven søndag 8. september. Neste heimekamp går torsdag 19. september. Motstandar då er Spjelkavik/Herd 3.