Bergsøy dominerte i Borgundhallen mot Spjelkavik:

- Bur endå meir i oss

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt er alt i alt nøgd etter onsdagens cupsiger mot Spjelkavik. Men no er blikket fyrst og fremst retta mot laurdagens cupkamp, då eit revansjesugent Bergsøy tek imot laget som knuste opprykksdraumen for dei i førre sesong.

Arkivfoto.  Foto: Bergsøy IL

Sport

Onsdag reiste Bergsøy sitt herrelag til Borgundhallen i Ålesund for å måle krefter mot Spjelkavik i runde to av cupen. Fyrste målet i kampen gjekk til heimelaget ved Viljar Ødelien, men gleda for heimefansen blei kortvarig. Det tok nemleg ikkje meir enn snaue tre minutt ut i kampen før Bergsøy sat i førarsetet, og mål på mål blei banka inn frå Thomas Buchardt sitt mannskap. Innan dommaren bles i fløyta for fyrste omgang hadde Bergsøy skaffa seg eit komfortabelt forsprang på seks mål med stillinga 10-16.