Full klaff for Gurskøya Rundt:

– Ein sunn og behageleg søndagstur

Sjølv om motvinden til tider var frisk, var nok det gode vêret ein av hovudårsakene til at 190 syklistar kosa seg på turen rundt Gurskøya søndag.
Sport

Det tradisjonsrike sykkelrittet gjekk som alltid av stabelen siste søndagen i august, og i år trefte ein også godt med vêret. Med temperatur litt over 20 grader, og med vekselvis overskya og sol var det eit perfekt sykkelver. Då kan ein ikkje klage på at motvinden tok litt tak i håret enkelte stadar i løypa.