Gurskøya Rundt: Klare for nok ein sykkelfest

Fyrstkomande søndag er det klart for den 36. utgåva av sykkelløpet Gurskøya Rundt.

Gur­skøya Rundt 2019: Gursk­øy IL, Tjør­våg IL, Gur­sken IL, Gjerds­vi­ka IL og Mol­tu­stran­da IL er kla­re for den 36- ut­gå­va av Gurskøya Rundt.   Foto: Privat

Sport

Tradisjon tru er det dei fem idrettslaga som soknar til løpsruta som samarbeider om å arrangere løpet. Eitt av laga har kvart år hovudansvar for gjennomføringa, og i år er det Gurskøy IL sin tur. Dei andre som arrangerer er Tjørvåg IL, Gursken IL, Gjerdsvika IL og Moltustranda IL.

Ingen konkurranse

Sjølv om fleire tek tida på seg sjølv er det viktig å presisere at dette er eit familieritt, ein mosjonstur på sykkel utan tidtaking.

– Vi håpar at vêrmeldingane spelar på lag i år og at mange folk møter opp, det seier styremedlem Elin Torvholm på vegner av Gurskøy IL til Vestlandsnytt. Arrangørane er elles opptekne av å kommunisere at dette er eit ypparleg arrangement for barnefamiliar og ungdomar.

Det etter kvart tradisjonstunge løpet har på det meste hatt 500 deltakarar, sjølv om det dei siste åra har dabba litt av på deltakarfronten. I fjor møtte 182 syklistar opp til start.

Bilistar, ver på vakt

Gurskøya Rundt-deltakarane kan starte mellom klokka 11 og 13. Målgong er seinast klokka 17 om ettermiddagen. Rundt omkring langs løypa er det innlagt mat- og drikkestasjonar. Ein kan starte frå kvar ein vil av dei fem klubbane sine utgangsplassar. Dei er Stokksund skule, Leikong, Gursken klubbhus, Gjerdsvika og Moltu.

Det vert frå arrangøren fremma ønskje om at alle syklar same veg, altså med sola og opp Leikongbakken. Syklistane skal heller ikkje sykle gjennom Aurvågtunnelen, men på vegen nord for denne. Det er skilta kvar løypa går gjennom dei ulike bygdene. Arrangørane ber også dei deltakande om å bruke hjelm og sykkelvest, alternativt fargerike kle. Også bilistane blir oppmoda til å vere særleg merksame på at det er sykkelløp rundt øya på søndag.

Premiering

Alle som deltek i årets løp vil vere med i trekninga av premiar. I år er det snakk om lokale overraskingar sponsa av Sparebanken Møre, og også eit gåvekort frå Intersport i Fosnavåg. Sørøyane Røde Kors vil også vere til stades, og vil køyre eigne konkurransar for både born og vaksne.