Storsiger for Gjerdsvika/ LGFK 2!

Også Bergsøy 2 med flott siger i 6. divisjon denne veka.

SONDRE VOKSØY BRINGSVOR: Scora hat trick for Gjerdsvika/LGFK 2 mot Flø. ARKIVFOTO  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

Eit sterkt Gjerdsvika/ LGFK 2-lag, med mellom andre Steffen Moltu, vann onsdag heile 8–1 over Flø. Sondre Voksøy Bringsvor (3), Kevin Pettersen Kristiansen (2), Torgeir Skeide, Samuel Tesfamycael Teklemycael og Matusula Ghere scora måla.

I ein anna 6.-divisjonskamp tok Bergsøy 2 ein sterk siger med 3–2 borte mot Vartdal. Sander Smådal Andreassen, Truls Solvang Ristesund og Roald Runde scora BIL 2 sine mål.

Neste veke spelar Tjørvåg – Vartdal (onsdag) og Vanylven – Gjerdsvika/LGFK 2 fredag.