Onsdag kveld er den to månadar lange fotballpausen i 6. divisjon over. Både Bergsøy 2 og Tjørvåg byrjar haustsesongen med bortekampar i Ørsta.

Bergsøy 2, som er plassert midt på tabellen, møter tredjeplasserte Vartdal. Tjørvåg skal opp mot topplaget Åmdal, som berre er målskilnaden bak serieleiar Vanylven. Det blir nok ei tøff oppgåve for Tjørvåg, som så langt har fire poeng.

Når det gjeld serieleiar Vanylven så har dei «frirunde», og spelar sin første kamp mot Gjerdsvika/LGFK 2 30. august.

Sandssokningane har heimekamp denne veka. Dei møter poenglause Flø på Storøya i Gjerdsvika onsdag.

Bergsøy-damene møter Ørsta

Bergsøy sitt damelag hadde ein vanskeleg vårsesong, men imponerte då dei vann 1–0 borte mot MSIL i den siste kampen før sommarferien.

Også i fjor sleit damene med svake resultat i vårsesongen, men heva seg då betrakteleg i haustsesongen og klivra på tabellen. Vona får vere at dei gjer det same i haust, og første sjanse er borte mot Ørsta komande torsdag.