Slik summerer LGFK-trenar Anders Helsem Hoff opp stoda før årets haustsesong vert sparka i gang på Larsnes Stadion komande torsdag. 29. juli starta treningsregimet etter sommarferien for sandssokningane, og Hoff kan rapportere om at det høvesvis ser bra ut med tanke på seriestart.

– Det verkar som gjengen har hatt ein fin ferie, og dei kjem heller ikkje att i skammeleg forfatning. På treningane er det no fullt fokus på å få opp igjen løpskapasiteten og trene kondisjon, forklarar Hoff til Vestlandsnytt.

Ståle Pettersen ut!

Men alt er ikkje berre roseraudt for Larsnes/Gursken. Før dei tek imot Nordborg/Brattvåg 2 på torsdag har dei nemleg fått ei uventa utfordring.

– Keeperen vår, Ståle Pettersen, har fått skuleplass i Bergen og har no flytta dit. Dette var ikkje med i planen, så her har vi fått eit lite problem. Dette er heilt klart den tøffaste utfordringa før sesongstart, seier Hoff.

Heldigvis for Hoff og mannskapet har dei ei mellombels løysing til torsdagens kamp. Kurt Ove Longva er heime og skal vakte målet denne kvelden, men han er ikkje alltid heime på grunn av jobb.

– Derfor er vi no på keeperjakt og håpar å finne ei snarleg løysing på dette, seier Hoff.

Pettersen er heller ikkje den einaste som blir fråverande frå laget den komande sesongen. Jens Jørgen Winsnes, Markus Fugleseth og Isak Skare Haanes har også reist for å gå på skule, men dette var derimot med i berekninga.

– Bendik Torset er også ute og studerer, men han planlegg vi å hente heim når vi treng han, seier Hoff.

Dei yngre får sleppe til

At det har falle frå litt i rekkene skapar ikkje store problem forklarar Hoff.

– Nei, vi har ikkje mangel på spelarar å ta av. Vi har fleire unge spelarar som er på veg opp og fram, så no er det på tide at dei får vise kva dei kan, forsikrar LGFK-trenaren.

– God start er viktig

Om torsdagens motstandar er Hoff spent på kva som dukkar opp.

– Det er ikkje alltid lett å seie når det kjem til toar-laga. Kanskje tek dei med seg fleire spelarar frå fyrstelaget, så dette kan bli ein tøff kamp.

Hoff meiner det generelt er svært jamt i divisjonen så langt i år, sjølv om Bergsøy og Volda er i ferd med å klatre litt ifrå på tabellen. Elles skil det ikkje mange poeng mellom dei ulike laga. Nordborg ligg framleis eit par hakk over på tabellen, men det betyr langt ifrå at LGFK vil vike av den grunn. Hoff er nemleg innstilt på gi full gass frå start av.

– Vi fekk ein litt trå start på serien i år, og vi vil ikkje ha ei reprise av det no. Eg trur det vil vere viktig for oss å få nokre poeng no dei fyrste kampane, ikkje minst då dette vi gi oss ein boost inn mot resten av sesongen.

– Vi veit ikkje kor mange som rykker ned i år. Sjølv om det er veldig lite sannsynleg, kan potensielt 4–5 lag rykke ned, derfor er det viktig å skape avstand til konkurrentane, forklarar Hoff, som håper at publikum er vel så klare som dei til å trappe opp på Larsnes Stadion torsdag.