– Vi er godt førebudde. Vi har allereie reserveskular klare for å isolere eventuelt sjuke barn. Vi har gode prosedyrar for dette og ein god beredskapsplan, og vi gjer alt vi kan for å unngå sjukdom, seier generalsekretæren til NTB.

Herøy og Sande har til saman ni påmelde lag til årets Norway Cup.

Torsdag vart det kjent at fleire fotballag frå Bergen er ramma av eit stort utbrot av omgangssjuke på fotballturneringa Dana Cup i Danmark. Nærare 50 barn og unge er plasserte på isolat, som følgje av sjukdomsutbrotet.

Trælvik stadfestar at fleire fotballag kjem direkte frå Dana Cup til Ekebergsletta og Norway Cup, som byrjar laurdag. Arrangørane av Norway Cup set likevel ikkje i verk spesielle tiltak i samband med sjukdomsutbrotet.

– Vi set hygiene på dagsorden, noko vi alltid gjer. God handhygiene er heilt avgjerande, i tillegg til vask og reinhald av toalett, som vi har gode prosedyrar for. Vi har drive dette arrangementet sidan 1972, og har gode rutinar.

I 2009 innførte arrangørane av fotballturneringa forbod mot handhelsing før og etter kampane i samband med svineinfluensaepidemien. Det er førebels ikkje aktuelt denne gongen.

– Vi er ikkje i ein situasjon av det formatet no. Svineinfluensa var ein heilt annan situasjon, seier Trælvik.

Mellom 1.750 og 1.800 lag deltar på Norway Cup i år. Dei 30.000 deltakarane i fotballturneringa skal bu på 34 ulike skular i Oslo.