Om eg kan reise heim med ein individuell medalje, gjer eg det med eit smil om munnen. Så har vi også eit veldig sterkt lag, og i lagkategorien trur eg derfor vi også kan kjempe om gullet.

Vi har funne vegen til biljardsalongen i Herøy. Det som elles er ein salong som pulserer av aktivitet og lyd, ser ut til å ha teke ferie. Utanom to personar som allereie er i sving med andre økt for dagen. Jonas Kvalsund Hansen og far hans Jan Ove Kvalsund Hansen.

– Vanlegvis køyrer eg eit treningsregime på 15 timar i veka, men den siste månaden har eg trappa atskilleg opp. No ligg eg på gjennomsnittleg seks timar fordelt på to økter dagleg. Her trenar eg på både skyteøvingar og på matchar.

Og det er forhåpentlegvis akkurat det som skal til for å klare og hevde seg blant Europa sine største talent i biljard-sporten. For det er akkurat det den unge 16-åringen skal prøve seg på om berre få dagar. Søndag går nemleg junior-EM i biljard av stabelen i Veldhoven, Nederland, og Jonas er blant seks spelarar i den norske junior-landslagstroppen for U17.

– Eg kjenner eg er veldig nervøs. Det blir ganske heftig. Eg skal delta i alle fire disiplinar, både 8-ball, 9-ball, 10-ball og 14-1, smiler Hansen.

– Men det som er så fint med Jonas, er at han blir betre og betre jo meir nervøs han er. Det er ei av hans beste styrke, at han presterer betre og betre dess meir press han er under, skryt ein støttande pappa Hansen inn. Han reiser saman med sonen for å heie han fram.

– Det blir umåteleg spennande å skulle følgje med frå sidelinja, legg han til.

Når det er sagt, trur Jan Ove at sonen har gode moglegheiter, og trekk fram at juniorane i Herøy biljardklubb dei siste åra har markert seg sterkt nasjonalt. Ein lyg vel heller ikkje om ein påstår at Herøy biljardklubb har nokre av dei mest spennande talenta innanfor sporten i Noreg.

– Krevjande både fysisk og mentalt

I tillegg til seks timar dagen med trening ved biljardbordet er også kosthald noko som har vore i fokus i det siste for den unge utøvaren.

– Ja, det er viktig å ha god form når ein skal delta i større konkurransar som EM. Det er ikkje sikkert det ser slik ut, men biljard krev at ein er i god form både fysisk og psykisk. Det tek på å halde på i så mange timar som vi gjer.

Jonas forklar at ein dag i EM inneheld kampar som går frå 09 på morgonen til 21 på kveldstid.

– Har ein ikkje hovudet på plass i denne perioden får ein ikkje til å spele bra biljard, legg Jan Ove til.

Familiesport og kompis-forhold

Ved biljardbordet får vi sjå ein kamp mellom far og son. Samtalen ligg lett i lufta, medan dei spelar. Vi spør 16-åringen om kva det var som fekk han til å satse på biljarden, og ikkje minst kva det er med sporten som er så tiltalande for han. Etter å ha klinka ned eit par kuler og tatt leiinga over far, ser han litt ut i lufta, som om han leiter etter svaret.

– Det er eit spørsmål eg aldri heilt har klart å svare på. Eg hugsar då eg var åtte år gamal og pappa kjøpte meg biljardbord i kjellarstova.

– Du ønskte deg biljardbord?

– Nja, eg trur han hadde like lyst på det sjølv, flirer han og ser på Jan Ove, som smiler litt lurt attende.

– Det var i alle fall eit punkt då eg byrja å spele. Etter kvart som eg følgde pappa på turneringar og tok det meir på alvor, vart det berre kjekkare og kjekkare, spesielt då eg byrja å sjå min eigen progresjon i sporten. Dette har med tida gjort at eg no vil satse skikkeleg i sporten, seier han, og påpeiker at han nyleg har slutta på fotballen for å lukkast betre med dette målet.

– Slik ein ser det er altså ein familiesport for dykk, seier vi spørjande til dei to.

– Ja, og det er det som er litt kjekt med det også. Eg synest det er kjekt å ha eit slikt kompis-forhold til son min, gjennom sporten vi begge elskar, seier Jan Ove.

Jonas nikkar stadfestande.

– Så er det greitt å ha noko å slå også, flirer han, og ser litt ertande på far sin som ærleg vedkjenner:

– Ja vi er jamngode, men når han er i toppform slår han meg, seier den elles erfarne biljard-spelaren.

Vi ønskjer Jonas med dette lukke til i EM.