Bergsøy imponerte stort då dei sikra seg ein historisk plass i 1.-divisjonskvalifiseringa førre sesong. Kvalifiseringskampane vart derimot ein stor nedtur, då Bergsøy fekk bank av både Kristiansand og Lillehammer-Faaberg.

– Vi tok store steg førre sesong, men til slutt var vi ikkje gode nok. Samtidig må ein ikkje gløyme at vi gjorde noko Bergsøy aldri har gjort før, og eg trur at vi kjem til å kjempe i toppen i år også, seier Buchardt, som alltid optimistisk.

To til Eliteserien

Men når det ikkje blir opprykk etter ein lang sesong med imponerande prestasjonar, er det ofte slik at dei beste spelarane blir plukka opp av betre klubbar.

For Bergsøy sin del er det no klart at den svært målfarlege kantspelaren Emil Raknes går til Eliteserieklubben Kolstad. Også U-landslagsspelar Markus Buchardt er ferdig i Bergsøy. Han skal spele for Sandefjord-klubben Runar, også dei i Eliteserien. I tillegg har den andre kantspelaren, Jonas Gudmundsen Lund, flytta til Oslo.

– Vi er stolt over å «kvitte» oss med to spelarar til Eliteserien. Det er veldig kjekt, og eit teikn på at vi gjer ein god jobb i Bergsøy, seier Thomas Buchardt, som no altså skil lag med sin eigen son.

Bergsøy-trenaren er derimot ikkje bekymra, og trur at Bergsøy skal klare å bygge opp eit slagkraftig lag også denne sesongen. Mellom anna både trur, og håper, Buchardt at Zilvinas Grieze blir med for fullt denne sesongen. Samtidig kan nye spelarar vere på veg inn.

– Vi kjem til å få inn bra med skyts, seier Buchardt bestemt.

Byrjar sesongen med cupkamp

Buchardt samlar Bergsøy-spelarane til første fellestrening måndag 5. august, og derifrå går det slag i slag. Allereie torsdag 15. august ventar første utfordringa for Bergsøy denne sesongen, i form av 1. runde i NM-cupen borte mot Kristiansund.

Skulle ein vinne mot 3. divisjonslaget frå Nordmøre ventar ein ny cupkamp i slutten av august. Her møter ein vinnaren av kampen mellom Gloppen og Spjelkavik. Går det vegen også her, møter Bergsøy Lillehammer-Faaberg i tredje runde, og får dermed sjansen til å revansjere tapet i 1. divisjonskvalifiseringa.

– Det hadde vore godt å plukke Lillehammer på nesa. Og det er vi kapable til, meiner Buchardt.

Innimellom NM-kampane skal Bergsøy-herrane delta på diverse cupar, samtidig som treningsmengda er stor.

– Det blir ein hektisk første månad. Men vi skal nytte den til å jobbe godt, og då er vi klare når seriestarten kjem, seier Bergsøy-trenaren.

Seriestart 8. september

Sesongens første seriekamp går søndag 8. september, då NTNUI Håndball tek turen til Fosnavåg og Herøyhallen. Trondheim-studentane er berre eitt av åtte lag frå Trøndelag i avdeling fire av 2. divisjon denne sesongen. Faktisk er det berre lokalrivalen, nyopprykte Spjelkavik, samt Elverum 2 og Storhamar frå Hedmark fylke som ikkje er frå Trøndelag.

– Vi har spela mykje med trønderlaga tidlegare, men personleg synest eg det var meir spennande med austlandslaga, kommenterer Buchardt.

Samstundes er det verdt å merke seg at ingen av dei tre laga som rykka ned frå 1. divisjon hamna i Bergsøy si avdeling. Det ser Buchardt på som ein fordel for Bergsøy. Elles har han førebels ikkje gjort seg opp så mange tankar om dei andre laga.

– På noverande tidspunkt er det prioritet å bygge opp vårt eige lag, så ser vi på dei andre etterpå. Men Melhus/Gimse er eit veldig bra lag, som nok vil vere der oppe, seier han.

Buchardt meiner elles at det er gøy at det denne sesongen blir lokaloppgjer mot Spjelkavik.

– Skal bli ein ny artig sesong

Avslutningsvis vil Bergsøy-sjefen kome med ei lita sommarhelsing, og ein lovnad til supporterane:

– Det var ein artig sesong sist, og dette skal bli ein ny artig sesong, avsluttar Buchardt.