Scottish double er eit lagspel, to mot to, og det er annakvart støyt. Både Hauge Pettersen og Sætre har imponert med medaljar tidlegare år, og var ivrige etter nye medaljar. Match etter match klatra dei heile vegen til semifinalen, der det dessverre blei tap for eit lag frå Oslo, melder biljardklubben.

– Det er uansett imponerande med bronsemedalje på dette nivået, skriv dei.