LGFK møter Vanylven i OBOS-cup

Oppsettet for semifinalane av OBOS-cup er klart.

HENRIK GJERDE SÆTRE: Han og dei andre LGFK-spelarane møter Vanylven i semifinalen av OBOS-cup. ARKIVFOTO  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

For LGFK sin del blir det eit ordentleg lokaloppgjer når dei tek ferja over fjorden for å møte Vanylven FK. Kampen er sett opp søndag 18. august på Eidsåvoll.

I OBOS-cup har Larsnes/Gursken rullert på laget, og gitt fleire av spelarane som vanlegvis spelar for Gjerdsvika/LGFK 2 sjansen. Dermed får nok fleire av dei nest beste LGFK-spelarane sjansen til å revansjere 0-11-tapet for Vanylven i 6. divisjon.

I den andre semifinalen møtast Harøy og Rollon.