Eit aggressivt og resultatorientert Bergsøy gjekk rett i strupen på Hødd 2 i solskinet på Høddvoll fredag kveld. Med god støtte frå tribunen totaldominerte gjestane i byrjinga av kampen. Sjanse på sjanse blei rulla opp, men utan at herøyværingane klarte å omsetje dei til teljande resultat.

Då er det godt å ha ein målfarleg keeper. Petter Meland Aasen har stoppa mange scoringar frå hjørnespark i løpet av målvaktskarrieren, og kanskje var det nettopp den erfaringa den noverande midtstopparen nytta seg av då han var smartast av alle i plasseringa på ein Bergsøy-corner etter 20 minutts speletid. Ørstingen var sikker på labben, og 1–0 til gjestane frå Herøy.

– I dag fekk vi heldigvis det første målet. Men du såg det i dag også, vi må ha tre-fire store sjansar før vi set den. Det kunne fort blitt det same som vi har sett i dei siste kampane. Men i dag fekk vi både nummer ein og to, seier fungerande Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen rett etter kampslutt i Ulsteinvik.

For ikkje lenge etter det første målet, blei Franjo Tepuric felt i Hødd sin 16 meter. Protestane frå heimelaget hagla, men dommaren var sikker i sin sak og peika på kritmerket. Tepuric tok sjølv straffa, og auka Bergsøy-leiinga til 2–0.

Men etter å ha spela det Skorpen omtalar som glimrande, og underteikna vil karakterisere som sesongbeste, den første halvtimen, sovna Bergsøy litt i avslutninga av første omgang. Hødd 2 tok over spelet, og det var heller ikkje heilt ufortent då Bendik Engen reduserte for Ulstein-klubben etter 37 minutt. 1–2 ved pause på Høddvoll.

– Dessverre så byrja vi å rote mot slutten av omgangen, og Hødd får ei redusering på eit fantastisk skot, kommenterer Skorpen.

Solid i andre omgang

Spenninga levde i beste velgåande då laga kom på bana etter pause på Høddvoll. Bergsøy-supporterane var nok litt nervøse etter avslutninga på den første omgangen. Og innleiinga på andre omgang vart spennande for herøyværingane. Hødd 2 hadde dei fleste sjansane, men utan at Bergsøy-keeper Ruben B. Storøy var alt for pressa.

Og då den heimvende «lånesoldat» Martin Søvik Røren gjorde alt rett etter 68 minutt, og sikkert plasserte inn 3-1-scoringa, roa det nok nervane til både trenar Skorpen og den talrike gjengen av Bergsøy-supporterar på tribunen. Scoringa til Søvik Røren blei også kampen siste, og dermed kunne Bergsøy juble for ein sterk 3-1-siger i Ulsteinvik.

– Vi kjenner kvarandre godt

Søvik Røren, som gjekk frå Bergsøy til telemarksklubben Urædd midtvegs i førre sesong, synest det var kjekt å bidra for gamleklubben.

– Det var godt dette. Når det tilfeldigvis er slik at Bergsøy slit med skader om dagen, og eg er heime på ferie, var det berre kjekt å bidra i ein kamp. Vi gutane kjenner kvarandre godt, så det var ikkje så vanskeleg å finne rytmen. Særs fornøgd med å innkassere min 12. siger på rad, seier Søvik Røren i ein kommentar til Vestlandsnytt.

Han viser då til at Urædd har vunne 11 av 11 kampar så langt denne sesongen. Telemarksklubben suser mot 3. -divisjon, og Søvik Røren har scora fem mål.

Klarte å nullstille

Trenar Skorpen var godt nøgd med sigeren.

– Vi klarer å nullstille i pausen, og eg meiner vi leverer bra i andre, sjølv om Hødd har masse sjansar. Fantastisk innsats av gutane, og det er slik vi må spele om vi skal vinne på bortebane mot eit godt Hødd 2-lag, som stiller det kanskje sterkaste laget dei har stilt i år, seier Skorpen.

Han kan samtidig konstatere at Bergsøy lukkast godt med kampplanen.

– I dag var vi resultatorienterte. Vi hadde ein plan om å ligge lågt, kontre, og utnytte dødballane. Det klarte vi nesten heilt perfekt, meiner Skorpen.

Fekk hjelp frå Valder

Som ein ekstra krem på kaka fekk Bergsøy også hjelp frå Valder. Dei leia 2–0 borte mot serieleiar Volda ved pause, men etter ei sterk opphenting frå serieleiaren etter pause enda kampen 2–2. Det er uansett godt nytt for Bergsøy, som no er tre poeng bak Volda, i det sesongen er halvspelt.

– No er det ferie, og vi har heng på Volda. Det viktigaste er uansett at vi skal halde fram med å utvikle oss, og så får vi sjå kva lag vi har etter ferien. Det blir nok nokre spelarar ut, og så får vi sjå kven som kjem inn, avsluttar Skorpen.

Med det Vestlandsnytt veit så forsvinner lånespelarane Martin Søvik Røren og Martin Falkanger. I tillegg reiser Espen Langlo Driveklepp og Jakob Nerland på utveksling til Australia det neste halvåret, og er difor ikkje med når Bergsøy startar haustsesongen borte mot Hareid torsdag 15. august.