Den siste turneringa for sesongen vart arrangert av Gjøvik og Raufoss biljardklubb.

Og Matias Sætre, som leverte god resultat under førre runde av cupen i april, var denne gongen endå betre.

– Matias kjempa seg til topps og tok gullet frå Ole Kristian Rudshavn (Oslo BK) med god margin (9-5), fortel Even Eiken Pettersen i Herøy biljardklubb til Vestlandsnytt.

Også Jan Ove Kvalsund Hansen gjorde det veldig bra, og kjempa seg til kvartfinalen. Men han måtte til slutt ta til takke med ein femteplass.

Pettersen fortel vidare at også Maron Pettersen, og dei to juniorane Jonas og Henrik, var med å kjempe. Dei blei slått ut litt tidlegare i turneringa.