– Eit Hareid-lag med kniven på strupen er livsfarlege. Vi må prestere opp mot vårt beste om vi skal vinne denne kampen, seier Helsem Hoff.

Men det er ingen tvil om at herøyværingen har gode dagar som sjef for Sande sitt flaggskip for tida. Etter ein vanskeleg start på sesongen har LGFK vunne fire av dei fem siste.

Det gjer at Hoff med stoltheit kan vise fram formtabellen, som viser at Larsnes/Gursken har gjort det best av alle dei siste fem kampane.

– Men om ein ser på den reelle tabellen, så ser ein at dette blir ein veldig viktig kamp for begge lag. Hareid kan få heng på resten av laga med siger, og vi kan få litt avstand til botnen med siger, seier Hoff.

Han rapporterer om litt sjukdom i LGFK-troppen før denne kampen. Og i tillegg er kaptein Steffen Moltu ute med ei strekkskade.

Dette er elles tredje fredag på rad der LG inviterer til fotballfest på Larsnes stadion.

– Vi er veldig glade for at så mange kjem på kamp, og støttar gutane. Vi håper folk møter opp i kveld også, seier Hoff.