Stemninga var god på Havila stadion då dei to beste laga så langt, Bergsøy og Volda, entra kunstgraset fredag kveld. Med godt over 300 tilskodarar på tribunen, levde songen og heiaropa gjennom heile kampen.

Men ute på bana tok det derimot lang tid før kampen tok skikkeleg av. I ein jamn første omgang skapte begge laga nokre brukbare moglegheiter, men utan at Bergsøy-keeper Ruben Bjørlykke Storøy eller Volda-keeper Harry Andrew Brooks, var nemneverdig pressa. Eit lite overtak til heimelaget, men 0–0 halvvegs i Fosnavåg.

I byrjinga av andre omgang var Bergsøy nære å ta leiinga, men det ville seg ikkje for Franjo Tepuric denne gongen heller. I staden viste Dennis Pettersen kor gode Volda kan vere på faste situasjonar, og sette sikkert inn 0–1 i det 50. minutt. Fem minutt seinare fekk same mann stå aleine i feltet, og på ope mål var Pettersen sikker, 0–2 på Havila stadion.

Bergsøy verka på dette tidspunktet paralysert av det som møtte dei, og frustrasjonen på bana var stor. Men heimelaget gav aldri opp, og klarte etter kvart å etablere eit visst press på Volda sin banehalvdel. Men eit solid Volda-forsvar klarte lenge å halde Bergsøy i sjakk. Men etter eit vedvarande press frå heimelaget, fekk Roald Runde sjansen han hadde venta på to minutt før fulltid. Den lynkjappe angrepsspelaren var sikker, og håpet om poeng var tent for Bergsøy.

Dessverre for herøyværingane levde håpet i under eitt minutt. Etter reduseringa gjekk nemleg Volda rett i angrep, og Kenneth-Andre Hole utnytta dårleg forsvarsspel frå Bergsøy, då han sette inn 1-3-målet på Havila stadion.

Slakta dommaren på overtid

Etter kampens siste scoring kokte det over for Bergsøy-spelarane, og mellom anna måtte kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik gå i garderoben etter å få sitt andre gule kort. Han fekk selskap av «Pelle» Bjørlykke frå støtteapparatet, som dommartrioen også såg seg mektig lei av. Bjørlykke og dei andre på Bergsøy-benken var særs lite fornøgd med jobben dommar Even Myrheim (Emblem) og hans team la ned, og Bergsøy-trenar Frank Sverre Skorpen fekk også tilsnakk frå dommaren.

I løpet av overtidsminutta fekk også Bergsøy-spelarane Thomas Sætre Hauge og Sondre Nygård Olsen gult kort, begge for å ha fortalt dommaren kor dårleg han var. Myrheim har nok generelt ein låg status i Bergsøy-miljøet, etter dei feilaktige avgjerdene i cupkampen mellom Bergsøy og AaFK. Myrheim gjekk då sjølv ut i etterkant og beklaga sine feil.

– Gir vekk utilgivelege mål

Frank Sverre Skorpen var naturlegvis skuffa etter kampen.

– Det at dei scorar på to dødballar er utilgiveleg. I pausen snakka vi om at det er på dødball dei kjem til å skape trøbbel …, seier Skorpen.

Han meiner Bergsøy lenge var godt med i kampen.

– Vi spelar ein god første omgang, vi duellerer godt, og står opp mot dei der. Spesielt Kristoffer (Dalstrøm, red.mrk.) på midtbanen jobbar godt, og vinn mange duellar. Vi blir trykka litt bakover til tider, men dei skaper ingenting. Vi har ganske store sjansar, men vi klarer ikkje å sette dei. Hadde vi scora på sjansane, hadde vi også vunne kampen, avsluttar Skorpen.

Han måtte elles steppe inn som hovudtrenar då Tommy Malins ikkje var til stades under fredagens kamp. Ingen i Bergsøy sitt trenarteam vil seie noko om kvifor engelskmannen ikkje leia laget mot gamleklubben sin.