Både Larsnes/Gursken og 5.-divisjonslaget FK Sykkylven jakta plass i semifinalen av OBOS-cup då dei møttest på Larsnes stadion måndag kveld.

Sjølv om begge laga brukte kampen for å gi verdifull kamperfaring til dei yngre spelarane, var avansement til semifinalen ei gulrot dei begge kunne tenkje seg.

Og målfesten på Larsnes stadion byrja tidleg. Gjestane tok leiinga etter seks minutts speletid, men Jens Jørgen Winsnes utlikna for LGFK berre fem minutt seinare. Neste mål kom ti minutt før pause, då FK Sykkylven tok leiinga på nytt. Men heller ikkje denne gangen trengde sandssokningane lang tid til å slå tilbake, då Tor-Jørgen Sætre Kleppe utlikna til 2–2 tre minutt etterpå. Berre to minutt seinare hadde LGFK snudd kampen, då Bendik Dybdal Torset sette inn 3–2. Men FK Sykkylven gav ikkje opp, og like før pausesignalet utlikna Bengt Hole Alnes til 3–3.

Andre omgang var lenge mållaus, men to seine scoringar frå hat trick-helten Tor-Jørgen Sætre Kleppe førte etter kvart LGFK opp i 5–3. På overtid fekk gjestane eit trøystemål, og dermed enda kampen med 5-4-siger for Larsnes/Gursken.

Skryt til 2001-gutane

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff seier at han stort sett er fornøgd med kampen.

– Eg er aldri fornøgd med å sleppe inn fire mål, men dei mange endringane på laget får ta sin del av skulda for det. Vi føler at vi har god kontroll gjennom heile kampen, og spesielt i andre omgang då det til tider er berre eitt lag på banen, meiner Helsem Hoff.

LGFK-trenaren bytta nemleg ut nesten heile startellevaren, samanlikna med Hødd 2-kampen førre fredag. Han forklarer at valet blei gjort med tanke på å tilpasse belastninga inn mot kampen mot Hareid fredag. Han legg til at fleire av spelarane som spela mot FK Sykkylven, også vil vere involvert i onsdagens 6.-divisjonskamp mellom Tjørvåg og Gjerdsvika/LGFK 2.

– Det var derfor spesielt gledeleg å sjå dei unge spelarane våre stå fram, og vise at dei rutinerte ikkje skal kjenne seg for trygge på plassane sine. Vi har fire svært lovande gutar født i 2001. Frå denne kampen vil eg spesielt trekke fram Eivind Torset. Han har jobba hardt og godt i heile år, og blir no lønna for innsatsen han har lagt ned, seier Hoff.

Han gir også skryt til tremålsscorar Tor-Jørgen Sætre Kleppe, som viste at han kan levere varene også frå start, etter å ha vore sett på som ein superinnbytar heile sesongen.

Ser fram til semifinalen

Helsem Hoff fortel vidare at LGFK-leiren no gler seg til semifinalen av OBOS-cup, som vil bli spela i løpet av august. Kven som blir motstandar er enno ikkje avklara, men det blir anten Rollon, Vanylven eller Harøy som er dei andre laga som er klare for semifinale.

Før den tid møter Larsnes/Gursken Hareid til heimekamp i 4. -divisjon komande fredag. Det er den siste kampen før sommarferien for LGFK.

Lagoppstilling LGFK mot FK Sykkylven: Kurt Ove Longva – Henrik Almestad Hauge, Jørn Olsen, Lukas Fjørtoft Sandanger, Eivind Mikal Torset – Bendik Torset, Martin Haanes, Sondre Voksøy Bringsvor – Jens Winsnes, Robert Vik, Tor-Jørgen Sætre Kleppe.