Bergsøy var sett opp med kampar mot Spjelkavik 2 (søndag) og Harøy måndag. Men ingen av kampane blei spela, då Bergsøy valde å trekkje laget.

– Det er to grunnar til det. For det første blei vi fortalt at OBOS-cup skulle vere ei turnering med gruppespel før sesongen, og deretter kvart- og semifinale, samt finale i sesongen. Når det seinare blei endra til å vere eit mellomspel, fann vi det vanskeleg å stille lag til eit nytt puljespel, seier Malins.

Og det fører han inn på den andre grunnen til at han såg seg nøydt til å trekkje laget.

– Vi slit veldig med skader, og har ei tynn tropp. Kanskje kunne vi klart å avvikle ein av kampane, men då måtte eg ha brukt spelarar som skal spele mot Volda, og det ville eg ikkje risikere. Det hadde ikkje dei andre laga gjort heller, hevdar Malins.

Han har forståing for at enkelte reagerer, men minner om at Spjelkavik 1 avlyste kampen mot Bergsøy berre nokre timar i forkant, tidlegare i turneringa.