Alle dei lokale laga var i aksjon.

Bergsøy 2 var involverte i rundens storkamp då dei møtte topplaget Åmdal på bortebane. Her kom Bergsøy-reservane under med 0-1, men før pausesignalet hadde herøyværingane snudd kampen til 2-1-leiing. Fredrik Muren og Robert Alan Moltu var målscorarar for Bergsøy.

I andre omgang var derimot Åmdal overlegne, og serietoaren gav seg ikkje før det stod 5–2 på resultattavla.

Vanylven med storsiger

Ny serieleiar i 6. divisjon avd. 2 er elles Vanylven FK. Dei fylgde opp 2-0-sigeren mot Ørsta 2 fredag, med å banke Flø heile 9–1 onsdag kveld. Anders Sylte Bellen, Sondre Ersvåg og Christoffer Andreas Røys scora eitt mål kvar, medan Mads Hovden, Henning Olai Sætre og Ole Per Kragset (!) scora to mål kvar.

Gjerdsvika/LGFK vann også komfortabelt, då dei slo Ørsta 2 med 4–1. Lukas Fjørtoft Sandanger ordna 1-0-leiing etter 18 minutt, men Ørsta 2 utlikna tjue minutt seinare. Like før pause vart også Henrik Rekdal Eidheim utvist for sandssokningane, og det var nok ikkje alle på Storøya stadion i Gjerdsvika som kjente seg trygge på heimesiger.

Men det tok ikkje meir enn eitt minutt før Tor-Jørgen Sætre Kleppe ordna 2–1. Etter kvart scora også Henrik Gjerde Sætre og Hans Slettestøl, slik at Gjerdsvika/LGFK 2 vann 4–1.

Nesten for Tjørvåg

I den siste kampen onsdag kveld møttest Sæbø og Tjørvåg. Her kom alle måla i løpet av sju minutts speletid rundt halvtimen. Sæbø tok leiinga i det 28. minutt, auka i det 31., før Tobias Arnesen Tjervåg reduserte i det 34. minutt. Dermed eit knipent 1–2 tap for Tjørvåg.

Tabell, 6.- di­vi­sjon avd. 2

1 Van­yl­ven 21

2 Åm­dal 21

3 Vart­dal 18

4 Bergs­øy 2 15

5 Sæbø 10

6 Gjer./LGFK 2 9

7 Ør­sta 2 7

8 Tjør­våg 3

9 Flø 0

Det er elles verdt å merke seg at Tjørvåg og Gjerdsvika/LGFK 2 har spela ein kamp mindre enn dei andre laga. Lokaloppgjeret mellom laga blei utsett, men er no sett opp onsdag 26. juni på Tjørvåg stadion.

Første runde etter sommarpausen går 21. august.