– Sett under eitt var det ein dårleg kamp av oss, spesielt i første omgang. Vi var nummer to i alt. Vi kan ikkje spele slike kampar.

Det seier Bergsøy-trenar Tommy Malins i sin første kommentar etter kampen.

Han var sjølv ein del av Bergsøy-ellevaren som byrja kampen på Aurstad Arena i Ørsta svakt. Det tok berre fem minutt før heimelaget tok leiinga. Men då Stian Zahl utlikna for Bergsøy 27 minutt inn i kampen, trudde nok både Malins og Bergsøy-supporterane at betre tider var i vente.

– Men så gir vi vekk eit mål like etter, seier Malins.

Dermed var Ørsta tilbake i leiinga. Etter 2-1-målet heldt ørstingane fram med å vere det førande laget, men fleire mål vart det ikkje før pause i Ørsta.

Betre etter pause

Med berre eitt mål mindre enn motstandaren halvvegs, var det også liv i håpet om Bergsøy-poeng.

– I andre omgang var vi mykje skarpare. Vi klarte å kjempe om andreballar, noko vi ikkje var i nærleiken av i første omgang, meiner Bergsøy-trenaren.

Likevel var det Ørsta som også fekk kampens fjerde scoring. Det skjedde etter 71 minutt spel, og var eit hardt slag i trynet på Bergsøy-gjengen. Men Bergsøy gav på ingen måte opp, og då kampuret viste 80 minutt kom den viktige 2-3-reduseringa. Daniel Jøsok Kvalsvik viste eit vinnarinstinkt kapteinsbandet verdig, og tente gnisten i lagkameratane.

Men berre to minutt seinare steig temperaturen på Aurstad Arena, då Petter Meland Aasen fekk ikkje berre eitt, men to gule kort. Dermed måtte keeperen, som for tida spelar back, tusle i garderoben. Tommy Malins var på dette tidspunktet tydeleg misfornøgd med dommartrioen, noko han også gjorde temmeleg klart for linjemannen.

– Kanskje har eg ein engelsk mentalitet, men eg kan ikkje forstå den avgjerda, seier Bergsøy-trenaren.

Sjølv med ein mann mindre styrte Bergsøy spelet i sluttminutta, og herøyværingane jakta febrilsk på 3-3-målet. Men i staden for utlikning for Bergsøy, kom det ei scoring i den andre enden av bana, då Sverre Sætre Orten punkterte kampen til 4-2 for heimelaget.

– Dei hadde meir lyst til å vinne

Sluttminutta var elles det einaste Bergsøy-sjefen var fornøgd med frå sine gutar i denne kampen.

– Mot slutten klarte vi å snu spelet, og få kampen inn i vårt spor. Det kan vi ta med oss vidare. Og eg trur også at vi hadde scora igjen, om vi ikkje hadde fått det raude kortet, seier Malins.

Han meiner kampen sett under ett viser at Bergsøy ikkje har kome så langt som ein trudde.

– Vi sa for nokre veker sidan at vi har lært oss korleis vi skal vinne dei jamne bataljane. Men det vi viste i dag, viste at vi ikkje er der endå. Dei hadde meir lyst til å vinne enn det vi hadde, seier Malins.

Han meiner eit gamalt ordtak kan summere opp kampen relativt godt.

– Det blir sagt at hardt arbeid slår talent, om talentet ikkje jobbar hardt. Det skjedde i dag.

– Men alt i alt, det er ei ny erfaring for oss dette med å tape fotballkampar. No blir det avgjerande korleis vi bruker denne erfaringa i den komande treningsveka. Kanskje var det den nødvendige vekkjaren for oss, seier Bergsøy-sjefen.

Volda tapte

På ein relativt svart Bergsøy-dag i Ørsta, kom høgdepunktet for herøyværingane i nabobygda Volda.

– Einaste lyspunktet er at Volda også tapte, noko som betyr at situasjonen er den same, seier Malins.

For gamleklubben til nettopp Malins fann aldri rytmen fredag kveld, og tapte 1-4 heime for Norborg/Brattvåg 2. Dermed har Volda framleis 22 poeng, og Bergsøy 20 poeng, før dei to topplaga møtast i Fosnavåg komande fredag.

Meir om den kampen i fredagsavisa.