HBK stilte to lag under turneringa som fann stad førre helg. Herøy BK 1 med Jan Ove Kvalsund Hansen (lagkaptein), Henrik Hauge Pettersen, Jonas Kvalsund Hansen og Matias Sætre på laget, og Herøy BK 2 med Trond Bendal, Maron Pettersen og Britt-Sølvi Hauge Pettersen (lagkaptein).

Tilfella ville det til at dei to laga skulle måle krefter allereie i første kamp. Her blei dei unge talenta på HBK 1 for sterke og vann til slutt 5–1.

Men i neste kamp blei det ein meir spennande kamp mot eit lag frå Oslo. Dessverre måtte HBK 2 sjå seg slått 4–5 etter ein knallhard kamp. Godt kjempa likevel, skriv biljardklubben.

– For våre yngre spelarar i HBK1 blei det derimot ei kjempehelg! Seier etter seier klatra gutane seg heilt til semifinalen. Der møtte dei Oslo BK 1 med noverande Norgesmester Damianos Giallourakis i spissen. Gutane kjempa hardt, med blod og sveitte, men dessverre blei Oslo1 for sterke, og vi måtte ta til takke med bronse denne gang, skriv HBK.

Dei seier seg elles godt nøgde med resultatet i år, der dei er einaste klubb med medalje i alle klasser (herre, dame, junior, gutar, jenter og lag).