Sjølv om førsteomgang var sjansefattig fekk vi faktisk heile tre mål før pause på Larsnes stadion. Etter ei jamn opning gav nemleg Stian Moe Finnøy gjestane leiinga etter 20 minutt. Men fem minutt seinare slo LGFK tilbake då Gustav Brandal Dimmen kom gjennom forsvaret, runda Volda-keeper Harry Andrew Brooks og plasserte ballen sikkert i nota. Ti minutt seinare var derimot same Finnøy på farta igjen, og den målfarlege Volda-spelaren kom enkelt gjennom LGFK-forsvaret, og sette ballen sikkert forbi LGFK-keeper Ståle Remøy Pettersen. 1–2 ved pause på Larsnes stadion.

Også andre omgang var sjansefattig, men begge laga la ned ein enorm innsats i den fysisk tøffe kampen mellom dei to formlaga. Fleire mål blei det derimot aldri, sjølv om LGFK gjorde ein solid sluttspurt. Først ville dei ha straffe fem minutt før fulltid, utan at dommar Jan Erik Bratteberg lét seg overtyde. Etter det skapte LGFK også ei to-tre halvsjansar, men utteljinga kom aldri. Dermed beheld Volda tabelltoppen.

– Eit tungt lag å møte

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff har vore høgt oppe etter tre strake sigrar, og målskilnaden 13–0. Men mot Volda landa LGFK-gjengen.

– Volda får denne kampen inn i sitt spor, og då blir det vanskeleg. Vi er eit spelande lag, som er gode til å spele fotball. Dei er gode på duellspel og tjuvtriks. Ein må spele på det ein kan, men i dag tapte fotballen, meiner Helsem Hoff.

Han meiner dei mange duellane førte til at kampen vart oppstykka, og at hans gutar derfor aldri kom heilt i gang.

– Men slik er fotballen. Volda har mange gode duellspelarar, og er eit tungt lag å møte. Dei spelar veldig kynisk og destruktivt, og får lov til det av dommaren. Likevel meiner eg at vi hadde fortent poeng i denne kampen, seier LGFK-sjefen.

– Samtidig er Volda heilt klart det beste laget vi har møtt i år, seier Helsem Hoff.

Jaktar to heimesigrar før ferien

Neste kamp for Larsnes/Gursken er heime mot Hødd 2 komande fredag. Dette var i utgangspunktet ein bortekamp, men LGFK og Hødd har blitt einige om å bytte om på kampane slik at Larsnes/Gursken har heimekamp under Sumarsamkome på Larsnes.

Tek ein med at også den siste kampen før ferien (mot Hareid) er på heimebane, betyr det at Larsnes/Gursken avsluttar vårsesongen med tre heimekampar på Larsnes stadion.

– Vi tapte den første, men no går vi for å vinne dei to neste, avsluttar Helsem Hoff.

– Det beste heimelaget

Det var elles ikkje berre på LGFK-benken det sat ein herøyværing denne fredagskvelden på Larsnes. Tidlegare Bergsøy-trenar Lars Petter Rønnestad leia nemleg sine Volda-gutar inn til ein ny viktig siger.

– Vi er godt fornøgde med å vinne denne kampen. Larsnes/Gursken er det beste heimelaget vi har møtt denne sesongen. Dei hadde nok også fortent eitt poeng i denne kampen. Det er vår første kamp på gras i år, og det merkast, sjølv om det er ei god grasbane, seier moltustrandingen.

Etter denne serierunden har Volda og Bergsøy rykka frå i toppen. Det meiner Rønnestad er artig.

– Vi har ingen ambisjonar. Vi tek kamp for kamp. Men det er jo gøy at vi utfordrar Bergsøy med tanke på dei ressursane dei har, seier han.

Fredag 28. juni møtast nettopp Volda og Bergsøy til toppkamp på Havila stadion. Det er ein kamp Rønnestad ser fram til.

– No har vi Norborg/ Brattvåg 2 først, men vi gler oss til å reise til Fosnavåg. Husk at vi også slo Bergsøy i den siste treningskampen, avsluttar Rønnestad.