Det har vore fleire kampar i 6.-divisjon avdeling 2 denne veka. Gjerdsvika/LGFK 2 slo tysdag til med heile 7–1 over Bergsøy 2. Her vart Jens Winsnes dagens mann for heimelaget med tre mål. Dei andre vart scora av Isak Skare Haanes, Henrik Gjerde Sætre, Stian Ristesund og Sveinar Øvrelid. Aron Reite Keyn netta for Bergsøy sine nest beste.

Vanylven FK slo til med 9–0 over Tjørvåg. Stian Sylte Bellen noterte seg for heile fire mål. Andre målscorarar: Torgeir Halsen (2), Henning Olai Sætre, Anders Sylte Bellen og Mads Hovden.

Ørsta 2 vann onsdag 8–2 borte mot Flø, medan Vartdal reise til Sæbø og vann 3–1.

Tabellen er slik: Åmdal (18 p.), Vanylven (15 p.), Vartdal (15 p.), Bergsøy 2 (12 p.), Sæbø (7 p.), Ørsta 2 (7 p.) Gjerdsvika/LGFK 2 (6 p.), Tjørvåg (3 p.) og Flø (0 p.).

12. juni går desse kampane: Bergsøy 2 – Sæbø, Vartdal – Åmdal og Tjørvåg – Gjerdsv./LGFK 2. 13.06.: Ørsta 2 – Vanylven.