Dei fyrste ti minutta i kampen mellom Rollon og Bergsøy på Havila Stadion torsdag kveld starta bra for bortelaget, og det såg ut til å bli ein jamn kamp. Men etter snaue 15 minutt, såg vi Bergsøy ta meir tak i kampen. Kampens fyrste mål var det Daniel Jøsok Kvalsvik som stod for, då han steig høgast på ein corner og fekk heada ballen i mål. Berre fire minutt etter, var det Roald Runde sin tur. Spissen finta og smatt seg elegant gjennom Rollon-forsvaret, før han small til med scoring nummer to for Bergsøy. Resten av omgangen hadde Bergsøy ikkje store problem med å halde Rollon i sjakk, det betyr likevel ikkje at bortelaget var heilt ufarlege. Ein situasjon nær Bergsøy-målet om lag halvvegs i omgangen kunne fort ha gitt utteljing for Rollon, og gitt kampen litt meir spenning.

- Vi spelte rimeleg solid i fyrte omgang, og vi har god kontroll, konkluderer Bergsøy sin spelande trenar Tommy Malins om den fyrste omgangen.

- Klarar å halde hovuda kalde

- Halvvegs sa eg til karane, det neste målet etter 2-0 er så viktig, og det var det dei som fekk dessverre. Dette var noko som kunne ha gjort det vanskeleg for oss, forklarar Malins.

Starten av andre omgang blei kanskje litt meir spennande enn Bergsøy hadde planlagt. I det 56. speleminuttet fekk Rollon eit fortent straffespark og sette den trygt forbi Ruben Bjørlykke Storøy i Bergsøy-målet. Eit slikt mål kunne fort ha tent nytt liv i kampen for bortelaget, men Rollon fekk det ikkje heilt til dei følgjande minutta. Bergsøy heldt også fram med å kontrollere kampen.

- Heldigvis klarte vi å halde på spelestilen og sikra vår tredje scoring, nok ein gong av Daniel Jøsok på ein corner. Dette likar eg å sjå, tidlegare har slike situasjonar, der motstandarane scorar ved 2-0, sett oss litt ut. Men denne gangen blir vi ikkje nervøse, og vi klarte å halde hovuda kalde, skryt Malins.

Bergsøy sitt mål nummer i det 78. minuttet blei nok nådestøyten i kampen. Rollon klarte å skape spesielt store sjansar i resten av kampen, som fekk eit høveleg punktum for Bergsøy sin del, då junioren Kristoffer Cadua Dalstrøm banka inn 4-1 målet.

- Vi har fire stjernespelar ute av spel, men vi viser i dag at vi kan vinne kampar sjølv om vi er litt skadeskotne, det er tryggande å sjå for meg. Vi har også fleire unge spelarar som får vise seg fram i dag, seier Malins om prestasjonen.

- Har ikkje råd til fleire skader

Tommy Malins trur troppen skal vere klar for neste vekes bortekamp mot SIF/Hessa, men..

- Viktigaste prioriteringa for laget inn mot dei neste kampane, er å halde spelarane i form og friske. Vi har ikkje råd til stort fleire skader no, seier han.

- Kva tenker du om motstandaren?

- Det blir alltid tøft, nok ein gong, vi har spelarar ute med skade. Heldigvis er ikkje Magnus Myklebust skada så hardt som vi trudde, seier ein letta Bergsøy-trenar. Han håpar Myklebust kan vere tilbake i troppen før dei om nokre veker møter Volda og Hødd 2, som ifølgje han blir vitale kampar denne sesongen.