Larsnes/Gursken med ny spelar

Isak Skare Haanes er no speleklar for Larsnes/Gursken.

NY MANN: Isak Skare Haanes er klar for Larsnes/Gursken. Her saman med trenar Anders Helsem Hoff.  Foto: LGFK

Sport

- LGFK er glade for å ønske Isak Skare Haanes velkomen til klubben, heiter det frå klubben.

Isak har ei fortid i Hødd, og har sidan hausten 2018 spelt for Loddefjord. LGFK meiner Isak vert ein flott tilvekst i en allereie brei og god stall.

I ein kommentar seier trenar Anders Helsem Hoff at han er glad for at Isak vil spele med klubben i sommar.

- Alle som er involverte i fotballen på Sunnmøre er kjende med talentet til Isak, og vi er veldig glade for at han no vil aksle LGFK-drakta, seier trenaren.

Isak studerer i Bergen og vert å sjå i LGFK-drakta resten av vårsesongen og delar av haustsesongen. Han får sin debut i kveld, tysdag, for Gjerdsvika/LGFK 2.

Isak er elles bror til LGFK-spelar Martin Haanes.