Kampen starta med ein stillingskrig dei fyrste minutta, prega av mange balltap og stopp i spelet. Etter sju minutt byrja det derimot å skje ting. Gustav Brandal Dimmen blei felt innanfor 16-meteren, noko som resulterte i straffespark til LGFK. Det var ein sjanse Martin Haanes ikkje kasta vekk, 1-0 til sandssokningane. Etter den fyrste scoringa tok LGFK meir og meir føringa i omgangen. I det 25. minuttet kunne LGFK sine fans nok ein gong juble. Marin Haanes spelte seg då forbi Blindheim-spelarane og fann Henrik Gjerde Sætre. Sætre fyrte av ifrå 20 meters avstand og scora nok eit mål for bortelaget, 2-0.

Det høyrer med til historia at Blindheim ikkje var ufarlege i fyrste omgang. Dei hadde fleire sjansar, men noko utteljing blei det altså ikkje for heimelaget, mykje takka vere LGFK-keeper Kurt Ove Longva.

- Kurt tok det som kom og det er kjempekjekt å sjå at vi har ein god keeper i bakkant, rosar LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Fleire mål vart det ikkje i fyrste omgang, men eit par gule kort blei delt ut. Eit gjekk til Blindheim-spelar Thomas Seth Gjøsund, det andre til LGFKs Marin Haanes.

Veldig god kamp av oss

Andre omgang starta lovande for LGFK, spesielt i det 56. minuttet då LGFK-spelar Karl Gerhard Bringsvor heada ballen i mål på ein corner. 3-0 til Larsnes Gursken, som hadde god kontroll resten av kampen. Nok ein gong viste Longva seg frå ei sterk side i LGFK-målet, med fleire redningar. Slutten gjekk ikkje heilt udramatisk føre seg. På overtid fekk Henrik Gjerde Sætre eit gult kort og Jørn Olsen raudt kort etter ein stusseleg situasjon der det blei ein lengre diskusjon mellom dommar og linjedommar. Situasjonen blei etter kvart avklara, og førte også til frispark for Blindheim, rett utanfor 16-meteren. Blindheim klarte likevel ikkje å utnytte moglegheita. Kampen enda 3-0 til Larsnes Gursken.

I etterkant av kampen var LGFK-trenar Anders Helsem Hoff naturleg nok godt nøgd med måndagens resultat.

- Dette var ein kontrollert siger og ein veldig god kamp av oss. Vi hadde styringa på kampen så og seie frå start. Vi kunne kanskje fått endå fleire mål om vi hadde køyrt opp tempoet meir, men gutane gjorde det dei måtte. Det er gledeleg å vise at vi har ein sterk stall sjølv om vi manglar spelarar som Steffen Moltu og Bendik Torset på bana, seier Helsem Hoff, som elles rosar Henrik Sætre og Christoffer Rekdal for godt spel.

Han påpeikar at det er eit meir samansveisa lag han no ser.

- Vi har fått tilbake fleire spelarar frå skade og sjukdom. I tillegg er spelarar som er ute og studiar no tilbake i sommarferien, så vi er absolutt optimistar for tida framover.

Ørsta står for tur

Og optimistar er LGFK også for neste kamp, allereie no på fredag. Denne gongen er det mot tabellnabo Ørsta på Aurstad Arena.

- Vi skal gjere vårt for å halde på momentet vi har opparbeida oss. Det er viktig for oss å skape avstand til botnen, understrekar Helsem Hoff.

Volda forbi Bergsøy

Måndag kveld smatt også Volda forbi Bergsøy på tabelltoppen i 4.-divisjon. Det skjedde etter ein høgdramatisk kamp på Høddvoll, der voldingane vann 4-3 etter å ha lege under 2-3 nokre minutt før slutt.