– Endeleg! Dette var ein herleg siger.

LGFK-spiss Robert Auflem Vik summer relativt greitt opp den kjensla LGFK-leiren sit med etter å ha vunne 3-0 mot SIF/Hessa.

Etter berre eitt poeng på dei fem første kampane var det knytt stor spenning til korleis Larsnes/Gursken ville klare seg mot SIF/Hessa, i det som var årets første kamp på Larsnes stadion.

Men eit aggressivt LGFK gjekk for sigeren frå første minutt. Sandssokningane rulla opp angrep på angrep, og frustrasjonen var stor då alle avslutningane enda utanfor målet til SIF/Hessa-keeper Fredrik Lossius Opdahl.

Nemnde Robert Vik stod for rundt halvparten av sjansane, og det var ein frustrert Vik som måtte innsjå at det stod 0-0 til pause.

– Vi var gode i første omgang også, men vi klarte dessverre ikkje å sette sjansane. Derfor var det fullt fortent då det losna for oss i andre omgang, seier Vik.

For etter fleire sjansar i innleiinga av andre omgang, klarte LGFK omsider å setje ballen i mål då klokka viste 54 minutt. Karl Gerhard Bringsvor var sterkast i feltet, og ordna heimeleiing til stor jubel på Larsnes stadion.

To straffer på tampen

Etter scoringa heldt LGFK oppe presset mot SIF/Hessa-forsvaret, men utan å lukkast. Dermed såg det ut til å ende med 1-0 for LG. Men like før slutt signaliserte dommar Haakon Javier Tronstad for straffespark til Larsnes/Gursken, etter ei klar felling. Og frå kritmerket var Martin Haanes sikkerheita sjølv, og 2-0.

To minutt på overtid peika Tronstad på straffemerket på nytt, og denne gongen var det Gustav Brandal Dimmen som fekk sjansen. Han sette ballen rett på SIF/Hessa-keeper Opdahl, men på returen var den tidlegare Hødd-spissen sikker, og dermed ein fullt fortent 3-0-siger for LGFK.

– Kunne ha vunne meir

Kaptein Steffen Moltu var godt fornøgd med sigeren.

– I dag er vi veldig solide i forsvar, og vinn fullt fortent. Samtidig har vi meir å gå på i angrep, og vi kunne vunne endå meir i dag, meiner Moltu.

Det er ei oppfatning trenar Anders Helsem Hoff seier seg samd i.

– Det er ein god kamp frå oss, men vi kan endå meir. Det knyter seg litt i angrep, og det må vi prøve å finne ut av. Men eg er godt nøgd med denne kampen, seier Hoff.

LGFK får elles ikkje lang tid til å feire sigeren. Dei og Blindheim har blitt samde om å flytte fram kampen som eigentleg skulle bli spela første veka i juli, og dermed har Helsem Hoff og gutane to kampar neste veke.

– No er vi inne i ei periode med fleire viktige kampar, der vi møter Blindheim (måndag) og Ørsta (fredag) på bortebane komande veke. Vi må halde fram som i dag, avsluttar LGFK-sjefen.