Alle dei lokale laga var i aksjon i sjettedivisjon onsdag.

Stor spenning var det knytt til kampen mellom dei to poenglause laga på Tjørvåg stadion. Her tok Tjørvåg leiinga i første omgang etter eit sjølvmål, men Flø slo tilbake i 2. omgang. To scoringar i sluttminutta frå Remi Andre Vattøy og Svein Erik Hagen sytte derimot for at Tjørvåg til slutt kunne juble for ein 3-1-siger. Dei møter no Vanylven borte 5. juni.

Bergsøy 2 måtte spele kamp

Då Bergsøy sin A-kamp mot Emblem blei flytta til onsdag, trudde Bergsøy at Vanylven ville gå med på å flytte kampen mellom Bergsøy 2 og Vanylven.

Det ville derimot ikkje vanylvingane, og dermed måtte Bergsøy 2 spele kamp samtidig med A-laget, og det endåtil på Moltu. Bergsøy 2 klarte å skrape saman eit lag, men Vanylven viste nivåforskjell frå start av. 1–0 ved Stian Sylte Bellen etter åtte minutt, blei til 3–0 før halvtimen var spela, etter scoringar frå Torgeir Halsen og Kristoffer Thue Stranden.

Men fleire mål klarte ikkje storfavorittane, og kampen enda 3–0 til Vanylven. Det trass i at Bergsøy 2 fekk Sander Smådal Andreassen utvist etter 65 minutt. Bergsøy 2 sin neste kamp er mot Vartdal i Tjørvåg laurdag 1. juni, før dei møter Gjerdsvika/LGFK 2 i Gjerdsvika onsdag 5. juni.

Også sandssokningane tapte onsdag, då Vartdal vann 5–2. Sondre Voksøy Bringsvor og Kevin Pettersen Kristiansen scora for Gjerdsvika/LGFK 2.