Uavgjort for Bergsøy:

- Vi er nok litt skuffa i dag

Kampen gjekk litt i bølgjedalar og resultatet blei deretter då Bergsøy møtte Valder på bortebane fredag kveld.

Keeper og utespelar Petter Aasen rundar Valder-keeper like før slutt og utliknar til 2-2!  Foto: Thomas Teige Sporsheim

Sport

Den fyrste vurderinga som kjem opp i det Bergsøy-trenar Tommy Malins gjer opp status etter fredagens bortekamp mot Valder, er at store delar av kampen var jamspelt. Det stod 0-0 til pause utan dei heilt store sjansane i fyrste omgang. Det kan nemnast at Franjo Tepuric skal ha vore nær med ei heading i stolpen halvvegs i omgangen, men elles ikkje heilt den store omgangen for korkje heime- eller bortelaget.