- Dette var ein ganske bra kamp av oss. Vi fekk luka vekk fleire personlege feil og spela tidvis veldig god fotball.

Slik summerer Anders Helsem Hoff opp fredagens bortekamp mot Rollon. LGFK-trenaren var i godt humør etter å ha teke med seg eitt poeng etter ein jamspelt kamp.

Kom seg utover omgangen

I starten var det heimelaget som tok føringa og hadde kontroll fram til det 20. minuttet. Dei hadde ei par farlege sjansar, der ein ball gjekk i tverliggaren og ein vart redda av LGFK-keeper Ståle Pettersen på meisterleg vis. Etter det byrja LGFK å bli meir varme i trøya, i følgje Hoff.

- Vi fekk justert formasjonane og hadde nokre fine kombinasjonar. Rollon skapte ikkje særleg meir i denne omgangen, og det var vi som tok styringa. Vi hadde fleire sjansar utan å lukkast. Det var heilt til Christoffer Rekdal leverte eit kjempeinnlegg til Robert Auflem Vik, som sette ballen i mål, like før pause.

Held presset oppe

- I andre omgang var vi fast bestemte på å ikkje dette ned, og vi heldt på stilen etter pause. Vi hadde også her fleire kjempesjansar, mellom anna ved Martin Haanes.

Utover dette var kampen jamn, melder Hoff. Han meiner elles at det var hans lag som var klart farlegast.

Likevel var det Rollon som fekk ei utlikning på corner etter 67 minutt ved Erik Øiehaug. Rollon sa seg ikkje nøgde med dette, og bestemte seg for å gjere det verkeleg spennande då dei sette inn mål nummer to, berre eitt minutt før ordinær speletid var slutt.

Hoff vedgår at 2-1-målet til Rollon smakte surt, men løysinga var ikkje lenger unna enn på benken. Der sat nemleg Tor-Jørgen Sætre Kleppe. Hoff bestemte seg for å bytte Kleppe inn i siste speleminutt, og det gav utteljing. Superreserven, som Hoff omtalar han som, scora kampen siste mål i det 90. speleminuttet. Han sikra dermed eit etterlengta poeng for sandssokningane, 2-2.

- Viktig moralsk boost

Hoff fortel at det var ein lukkeleg gjeng som forlèt bortebana denne kvelden.

- Dette er eit ufatteleg viktig poeng for oss. Gutane har vore ivrige etter å vise fram att vi er eit godt fotballag. Ved å stå imot mot Rollon slik som vi her gjer, beviser vi det, så all ære til karane for innsatsen. Det blir ein viktig moralsk boost å ta med vidare når vi i neste torsdag møter SIF/Hessa på heimebane. Då håpar vi på ei god ramme rundt bana for å heie på eit heimelag som no har fått seg ein opptur, avsluttar Helsem Hoff.