Sjølv om Rollon ikkje har imponert så langt i årets sesong (fem poeng på fire kampar), er dei klare favorittar mot LGFK. Det trur LGFK-trenar Anders Helsem Hoff kan vere ein fordel for hans lag.

– Det er ein kamp heilt utan press frå vår side. Det er ingen som forventar eit resultat frå oss borte mot Rollon. Derfor kan vi senke skuldrene, og heller gjere vårt beste for å ta med tre poeng heim, seier Hoff.

Han kan fortelje at Christoffer Brune Rekdal no er på plass, og at Rekdal har vist fin form på trening denne veka. Han har også eit håp om at Jørn Olsen kan spele, etter at den solide midtstopparen måtte stå over kampen mot Emblem. Gustav Dimmen og Bendik Torset må derimot stå over kampen.

– No håpar vi at flest mogleg frå Gursken og Larsnes tek turen til Rollonbana for å heie på laget. Støtta vi får frå supporterane betyr mykje for oss, seier LGFK-sjefen.

Skadeproblem for Bergsøy

Bergsøy-trenar Tommy Malins gler seg til toppkampen mot Valder, men er fullt klar over at det blir ei tøff oppgåve.

– Det er vår første kamp på gras, og dei er eit veldig bra lag. Men gutane er veldige positive, samtidig som vi veit at det er slike kampar vi må vinne om vi skal vinne ligaen, seier Malins.

Det som ikkje er like positivt er Bergsøy si fråværsliste. Malins manglar nemleg snart eit heilt lag av spelarar. Til kampen mot Valder må han klare seg utan Thomas Sætre Hauge (på reise), Benjamin Leine (på sjø), Sondre Nygård Olsen (skade) og Espen Driveklepp (sjuk). Spesielt urovekkjande for Malins er det at dei tre sistnemnde alle er ein del av engelskmannen si føretrekte forsvarsoppstilling. Samtidig er sistemann i forsvarsrekkja, Frank Sverre Skorpen, usikker til kampen mot Valder.

– Vi kan ikkje gjere noko anna enn å setje opp laget utifrå dei som er tilgjengelege, seier Bergsøy-sjefen.

Det betyr at førstekeeper Petter Meland Aasen fort blir å sjå på høgrebacken også mot Valder. På grunn av ei skulderskade kan han framleis ikkje vakte målet, men Aasen har klart seg bra som back. Malins er også optimistisk når det gjeld kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik, som måtte stå over då Bergsøy banka Blindheim 5–0 16. mai. I tillegg er Malins sjølv tilbake frå skade, og blir å sjå på bana i kveldens kamp.

– Det offensive maskineriet er i takt. Held vi nullen vinn vi også kampen, avsluttar Malins.