Desse tre flinke handballspelarane frå Bergsøy sitt G16-lag er tekne ut til å få vere med på regionsamling i regi Norges håndballforbund (region Nord) frå fredag 21. juni til måndag 24. juni i Orkanger.

Theo er keeper, Pål spelar på høgre back og Villak er linjespelar. Alle tre utmerker seg i si årsklasse, og no blir den gode innsatsen løna med samling der dei er plukka ut til å delta i lag med andre talent frå regionen. BIL Handball er veldig stolte, og vi gler oss til å følge dei vidare.

Gratulerer så mykje til Theo Skorpen Berge, Pål Sørdal og Villak Bjørlykke!