– Ja, eg har to draumar. Det er å spele fotball på høgt nivå, og å vere trenar på høgt nivå.

Det seier Ingrid Beate Smådal Hide då vi møter ho for ein prat dagen etter heimkomsten frå England. Der har ho vore i fire dagar, saman med dei tre andre grasrottrenarane som Norsk Tipping plukka ut til å få vere med på turen.

– Det har vore ein ganske bra tur. Den stod til forventningane, og kanskje meir enn det og. Vi møtte ein del kjende personar, også folk som vi ikkje skulle møte. Mellom anna møtte eg Manchester City-spelar Leroy Sané på shopping. Vi var nok litt opp i skyene alle saman når vi møtte kjendisane, fortel Ingrid.

Det var heile 352 grasrottrenarar som melde si interesse for turen til Manchester. Ingrid var ei av fire heldige.

– Ho blei valt på bakgrunn av sitt brennande engasjement i grasrotfotballen i landet, og spesielt i Bergsøy IL. Trass sin unge alder (fylte 20 år 16. mai.) har ho allereie vore trenar i åtte år og bruker all si tid på fotballbana. Ho trener J16 og er samtidig involvert i alle jentelaga i klubben, er trener for G13 og G15 ein dag i veka, og er også engasjert rundt klubbens A-lag for menn i 4. divisjon, heiter det frå Norsk Tipping.

Dagleg leiar i Bergsøy IL, Tom Beddari, har heller ikkje vanskeleg for å finne superlativ om Ingrid Beate.

– Ingrid er ei jente som legg ned ein heilt fantastisk jobb for klubben vår. Vi set stor pris på engasjementet ho viser. Samtidig håper vi å kunne hjelpe ho med å utvikle seg som trenar, slik at ho når sine mål, seier Beddari.

Ingrid sjølv meiner det er litt vanskeleg å forklare kvar ho hentar drivkrafta frå, men ein ting er sikkert:

– Det er veldig kjekt. Men eg gjer ikkje det her berre for meg sjølv, eg vil gjerne få fram nokon også. Anten det er spelarar, trenarar eller dommarar for den saks skuld, seier Ingrid.

– Han var meir interessert i oss

Ingrid omtalar turen til England som innhaldsrik. Ho og dei andre grasrottrenarane fekk mellom anna sjå kampen mellom Manchester United og Cardiff (enda 2–0 til Cardiff, red.mrk). Dei fekk omvising på Old Trafford, og møtte tidlegare United-stjerner som Denis Irwin og Ronny Johnsen.

– Vi møtte også faren til David Beckham, ler Ingrid.

Møtet med United-manager Ole Gunnar Solskjær står også høgt på lista.

– Vi var nok litt opp i skyene då også, men i det han byrja å snakke, så landa vi. Vi følte han var meir interessert i å møte oss, enn å snakke om seg sjølv eigentleg. Men han snakka jo litt om tapet for Cardiff, og planane framover også, fortel ho.

Samla sett gav turen uansett eit stort utbytte.

– Eg sit igjen med mykje inspirasjon. Blant anna møtte eg damelaget til Manchester United under kampen mellom Manchester United og Cardiff. Eg snakka ganske normalt med dei, så då skjønte eg at det faktisk er mogleg å bli god. Då vart eg meir motivert til å bli god som fotballspelar, men også trenar. Vi møtte også Nick Cox, som har hovudansvaret for akademiet. Han forklarte kva som må til for å bli tilsett som trenar der. Så då er det berre å byrje på den jobben, ler Ingrid Beate.

– Det bør ikkje handle om alder og kjønn

Når vi først snakkar med Ingrid, som er ei kvinne som ynskjer å lukkast som kvinneleg fotballtrenar, spør vi om hennar tankar rundt den låge delen av kvinner i fotballen. Det kjem tidleg fram at rekrutteringa er ei stor utfordring.

– No er vi fire kvinnelege trenarar i Bergsøy. Men då eg byrja var eg den einaste kvinnelege trenaren i klubben i seks år, og det er ikkje godt nok etter mi meining. Men det er fordi rekrutteringa har vore for dårleg. Trenarjobben går ofte til ein far.

– Er det vanskeleg for kvinner å bli trenarar?

– Eg trur mange damer tenker at dei ikkje kan det. At det er ein jobb for mannfolka. Men det bør ikkje handle om alder og kjønn, det er kva du kan som er viktig.

I samtalane med Solskjær var også kvinnelege trenarar i herrefotballen eit tema.

– Han ville vite korleis det var å vere kvinneleg trenar, og då sa eg til han at eg trur spelarane er klar for det, men at leiarar og styret i klubbane ikkje er klar for det. Vi fekk også spørsmål om vi trur ei kvinne kan ende opp som trenar på Old Trafford, og då sa eg at det skjer nok ikkje før det er nye folk som styrer klubben. Og eg trur nok det vil ta veldig mange år før det skjer.

– I denne samanhengen er vel ei serie som «Heimebane» viktig?

– Eg trur den har hatt innflytelse. I alle fall første sesongen som handla om korleis det er når ei dame er trenar, seier Ingrid.

Hentar inspirasjon frå Bergsøy-trenarane

Ingrid Beate fortel at ho som fotballtrenarar flest hentar inspirasjon frå dei rundt seg.

– Vi har hatt veldig mange gode trenarar i Bergsøy, som til dømes Hugo Vicente. Veldig mykje nyttig kom ut av han. Så derfor fann eg ut at det å sjå på treningar og kampar, det er gøy. Samtidig lærar eg veldig mykje av det, både som spelar og trenar. Eg høyrer på kva trenarane seier, og korleis dei instruerer spelarane. Så tek eg det med meg, og set saman ei treningsøkt for mine spelarar.

– Kva lærer du av dagens hovudtrenar, Tommy Malins?

– Han har ein ny måte å lære vekk ting på. Han tenkjer meir på person. Det har eg også prøvd å gjere, så det er veldig artig at vi har fått inn ein som tenkjer slik, meiner Ingrid.

– Korleis er din stil som trenar?

– Eg prøver å gjere treningane artige, men samtidig så veit spelarane at eg må vere streng og sete krav til dei, fortel ho.

Vil trene Bergsøy-herrane

Ingrid har store ambisjonar, og mellom dei er å bli hovudtrenar for Bergsøy sitt A-lag for menn.

– Eg trur eg skulle klart det. Eg har i alle fall ingen problem med å sjå føre meg at eg kunne gjort det. Ikkje akkurat no, men kanskje om 10–15 år, seier ho.

– Kva er den store draumen?

– Det er Premier League. Men meir realistisk sett er det å bli hovudtrenar for eit seniorlag på toppnivå, og då helst i herrefotballen, avsluttar 20-åringen.