Sjølv om ballen var relativt likt fordelt mellom dei to laga i første omgang, var det definitivt gjestane frå Emblem som viste seg som det skarpaste laget. Dei tok leiinga 1–0 etter 16 minutt ved Sondre Hamnøy, og auka leiinga til 2–0 då dei fekk straffe etter ein halvtimes speletid. Damian Alin-Constantin sette ballen sikkert til side for LGFK-keeper Ståle Remøy Pettersen. Etter straffescoringa klarte LGFK å skape eit par halvsjansar, men det var fortent at Emblem gjekk til pause med ei 2-0-leiing.

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff omtalte på førehand kampen som livsviktig, og i dei første minutta etter pause såg det ut til at han hadde fått gira opp spelarane sine. Men så fekk Emblem ein sjanse ut av ingenting, og Sondre Hamnøy var ikkje vanskeleg å be då han fekk sjansen til å sette inn 3-0-leiinga for gjestane. Det målet såg ut til å ta motivasjonen ut av LGFK-spelarane, og det var derfor eit viktig lyspunkt då LGFK fekk straffespark berre eit par minutt seinare. Aleksander Rekdal var sikker frå kritmerket, og tente gnisten i Larsnes/Gursken-spelarane.

Men få minutt seinare slapp Emblem gjennom på nytt, og dermed var stillinga 1–4 på River Plate. Marcus Drønnen Steffensen var målscorar. Etter 1-4-scoringa vippa kampen lenge fram og tilbake, men utan at nokon av laga kom til dei heilt store sjansane. Kampen bar i denne perioden preg av å vere ein stillingskrig, og begge lag fokuserte vel så mykje på å kjefte på dommar Zenun Murati som å spele fotball.

Like før slutt sette Helsem Hoff inn Tor-Jørgen Sætre Kleppe, og Kleppe skulle ikkje trenge mange minutta før han reduserte til 2–4. Keeper Remøy Pettersen og kaptein Steffen Moltu mana då LGFK-spelarane til å gi alt, men i staden for ei ny heimeredusering dukka Steffensen opp på nytt og fastsette sluttresultatet til 2–5 i Gurskebotn.

– Må løyse oppgåvene betre

Kaptein Moltu meiner LGFK nok ein gong blei felt av egne feil.

– Vi held fram trenden med å gi vekk ting. Det skjer som ein konsekvens av at vi ikkje klarer å halde trykket på dei, vi klarer ikkje å halde på ball. No skal vi ikkje ta noko vekk frå Emblem, men det er ikkje umogleg å stå opp mot dette laget her. Men det krev at vi løyser oppgåvene våre betre, seier Moltu.

Han meiner laget må samle seg før dei komande kampane.

– Vi må finne ut av dette. Det er kollektivt, for vi taper ikkje kampane ein og ein. Den kollektive jobben vi må løyse, avsluttar kapteinen.

– No er vi langt nede

LGFK-trenar Anders Helsem Hoff seier seg samd med kapteinen sin.

– No må vi berre nullstille, og få heva gjengen. For no er vi langt nede, det er vi. Mål pregar kampar, og vi gir vekk nokre mål i situasjonar der det ikkje skal skje. Dei måla vi har gitt vekk i år er av den typen du kanskje har eitt av i sesongen, men vi har allereie hatt fire. Vi hadde også fokus på det før kampen, at vi må luke vekk dei personlege feila våre, sukkar trenaren.

Helsem Hoff meiner at dei store utskiftingane i laget også har sitt å seie.

– Du ser det laget vi stiller. Vi har store utskiftingar på grunn av skader, reiser og liknande.

– Men det er jo ei god lagoppstilling?

– Ja, det er det. Det er eit godt lag. Men i dag var Emblem hakket betre enn oss, også på 0–0. Det er som Steffen seier, vi set oss i dei situasjonane vi ikkje skal vere i. Du ser på straffesparket, det er jo berre å få ”pælma” ballen vekk, men i staden skal vi prøve på eitt eller anna. Vi må lære oss å spele enkelt, meiner Helsem Hoff.

– Dei var best

LGFK-sjefen meiner Emblem-kampen var ekstra urovekkjande.

– I dei tre første kampane vi spela følte eg at vi like greitt kunne vunne. Men i dag har eg ikkje den følelsen, for Emblem tek ein fortent siger her, seier han.

Som då LGFK tapte for Valder førre veke var det Zenun Murati (Giske IL) som var kampens dommar. Han slepp ikkje unna kritikk denne gongen heller.

– Det er heilt bingo. Sindre (Emblem-trenaren, red.mrk) seier det same. Men eg vil ikkje kritisere han alt for mykje, han skal dømme oss i neste kamp også, seier ein kritisk Hoff.

Møter Rollon borte i neste

LGFK får no litt over ei veke på å førebu seg på den neste kampen, borte mot Rollon. Ålesundslaget har skuffa litt denne sesongen, men Helsem Hoff trur det blir ei tøff oppgåve.

– Vi veit kva vi har i vente. Det er musklar og kjemping, og det må vi vere førebudd på. Heldigvis får vi tilbake ein del spelarar, seier Helsem Hoff og nemner Bjørn Vikanes, Gustav Dimmen og Christoffer Rekdal.

Winsnes debuterte

Rett før kampstart blei det også offisielt at Bergsøy-spelar Jens Winsnes har signert for naboklubben. Han klarte seg svært godt i sin første kamp for LGFK, men var ikkje veldig interessert i å snakke om overgangen.

– Det er ei sak mellom meg og Bergsøy, og som vi er ferdige med.

– Korleis er det å vere LGFK-spelar då?

– Det er kjekt, her er veldig mange kjekke folk, sa Winsnes i ein kort kommentar.

Trenar Anders Helsem Hoff er på si side svært godt fornøgd med signeringa.

– Eg meiner Jens var ein av våre betre spelarar. Han var litt småsjuk, men gir alt. Eg er godt fornøgd med å hente inn han. Han vil utan tvil løfte stallen vår, seier Helsem Hoff.