Søndag var det duka for den første runden av mellomspelet i OBOS-cup, og LGFK tok turen til «Grandiosa-bygda» Stranda for sin første kamp. Her var det Stranda som kom best i gang, då Øyvind Kjellstad Fjørstad gav femtedivisjonslaget leiinga etter berre fire minutt.

– Stranda scora på ein corner etter fire minutt, men etter det var det stort sett eitt lag på bana. Men sjølv om vi dominerte banespelet så skapte vi ikkje meir enn ei to-tre halvsjansar før pause, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff.

Han meiner kampen bar preg av å vere ein litt sløv søndagskamp.

– Men etter ei oppstramming i pausen var det eit langt meir aggressivt LG-lag som kom på bana i andre omgang, og det skulle ikkje gå meir enn eitt minutt før vikarierande spiss Bjørn Vikanes scora. Vi heldt fram med å dominere spelet, og hadde to stolpetreff, i tillegg til to-tre store sjansar til. Men det ebba ut i 1-1, fortel trenaren.

Han meiner OBOS-cupen er ei fin anledning til å gi speletid til ein del av dei unge på laget, noko som gir dei verdifull erfaring.

I tillegg til LGFK og Stranda er FK Sykkylven i denne gruppa. Laga spelar to kampar kvar, og gruppevinnaren går til semifinale. LGFK sin kamp mot Sykkylven går heime på River Plate måndag 24.juni.

Møter Emblem torsdag

Før neste kamp i OBOS-cupen skal LGFK ut i fleire viktige seriekampar. Den første kjem allereie no torsdag då Emblem gjestar River Plate på fotballens nasjonaldag 16.mai. På dei tre første seriekampane i år har det blitt null poeng, og Anders Helsem Hoff har omtala Emblem-kampen som livsviktig.

LGFK-laget mot Stranda: Kurt Ove Longva, Bjørn Vikanes, Lukas Fjørtoft Sandanger (Henrik Almestad Hauge i 20 min), Jørn Olsen (Arjan Almestad i 10 min), Markus Fuglseth, Henrik Sætre, Martin Haanes, Aleksander Rekdal, Eivind Torset, Sondre Bringsvor (Stian Ristesund i 45 min), Karl Gerhard Bringsvor (Tor-Jørgen Sætre Kleppe i 30 min).

Bergsøy skulle eigentleg møte Harøy på bortebane søndag, men den kampen vart utsett. Kampen er no sett opp måndag 24.juni.