Søndag 12. mai er det klart for årets utgåve av sykkelrittet Ulstein Nordea Rittet. Det etter kvart tradisjonsrike rittet måtte ta eitt års pause i fjor, men er no tilbake.

Nytt av året er at Ulsteinvik og Ulstein kommune ikkje lenger er ein del av løypa. Arrangørane i Ulstein og Omegn Sykkelklubb har flytta heile rittet til Gurskøya.

Både tur og trim

Ulsteinrittet vil bli arrangert som både tur- og trim-ritt. Turrittet, som er konkurranseklassa, vil starte ved Leikanger skule, før ryttarane skal sykle to rundar rundt Gurskøya. Målgang blir ved Leikanger kyrkje. Denne turen er på 94 km.

Når det gjeld trimrittet så vil det starte på toppen av Leikongbakken. Ein syklar deretter ei runde rundt Gurskøya før ein etter 45 km kjem i mål ved Leikanger kyrkje. Dei som syklar trimrittet slepp dermed den «frykta» Leikongbakken.

Det er mogleg å melde seg på rittet både gjennom sykkelklubben sine nettsider, men og i startområdet, heiter det frå Ulstein og Omegn Sykkelklubb.