Første 20 minutta var ei jamn affære på Havila Stadion Fosnavåg denne litt sure fredagskvelden i Herøy. Men då gira Bergsøy verkeleg opp, og viste publikum ein fotball som nok varma både hjartet og kroppen. Først hamra kaptein Daniel Jøsok Kvalsvik inn leiarmålet, med eit flott og velplassert skot. Eit par minutt seinare var Thomas Sætre Hauge eit par millimeter frå å auke leiinga, men skotet gjekk i stolpen og ut. Tre minutt seinare låg ballen likevel i nettet, då Tor Juul Abelseth sette ballen forbi sin eigen keeper, og dermed 2–0 til Bergsøy. Det var også resultatet halvvegs.

Etter kampen fortalde Bergsøy-trenar Tommy Malins at han brukte pausen på å skryte av siste halvdelen av første omgang, og at han instruerte sin spelarar til å halde fram på same måten. Men dessverre for Malins så klarte Bergsøy-gutane aldri det. Andre omgang var meir lik byrjinga av kampen, og det utvikla seg til å bli ein stillingskrig på Havila Stadion.

Sætre Hauge utvist etter merkeleg situasjon

Spesielt fordi Norborg/Brattvåg 2 reduserte ved Patrik Dønheim Hjelmseth berre ni minutt ut i omgangen. Same Hjelmseth blei eit kvarter seinare utvist, då han fekk sitt andre gule kort. Men Bergsøy fekk ikkje spele lenge i overtal. For då kampklokka viste 79 minutt fekk Thomas Sætre Hauge først eit gult kort for å sparke ein motspelar, og deretter endå eit gult for same situasjonen.

– Eg får to gule kort for to spark i same situasjon. Eg visste ikkje at det var mogleg, og eg har i alle fall ikkje sett det før, seier Sætre Hauge til Vestlandsnytt.

Dermed var også Bergsøy nede i ti mann. Etter dei to utvisingane vart det litt amper stemning på bana, der kampens dommar fekk høyre det fleire gongar frå gjestebenken. Fleire mål blei det elles ikkje, og dermed 2-1-siger til Bergsøy.

Bergsøy-trenar Tommy Malins var også overraska over det raude kortet, men er likevel godt nøgd med dommarane.

– Eg har ikkje sett det før, men eg snakka med linjedommaren og han seier det er etter regelverket, så då får det vere greitt. Og det er ikkje ofte eg seier dette, men dommarane hadde ein bra kamp i dag, meiner Malins.

– Vi heng litt i taua

Kaptein Jøsok Kvalsvik meiner det var ein heilt jamn kamp.

– Vi får ein god start, men i andre omgang då heng vi litt i taua. Fortent? Tja. Det er i alle fall betre enn mot Hareid.

– Og det er alltid greitt når kapteinen tek ansvar?

– Ja, eg trefte godt med den. Det er nokre som seier det var eit sleivspark, men du får ikkje mål om du ikkje prøver, seier «Jøsse».

– Det blir slike kampar i løpet av sesongen

Trenar Malins er passe fornøgd.

– Det viktigaste er dei tre poenga. Vi veit at det blir slike kampar i løpet av sesongen. Det er ein kjend sak at det tredje målet er viktig, og i dag er det dei som får det. Etter det mistar vi litt av strukturen i laget, og det må sjølvsagt bli betre, seier engelskmannen.

– Og i dag har du tre keeperar på bana samtidig?

– Ja, det er sant. Eg hadde faktisk gløymt at Jakob er keeper. Når det gjeld Petter så kjenner eg til hans kvalitetar frå tida i Volda. Kanskje er det rekord med tre målvakter samtidig, ler Malins.

– Trur eg skal tilbake i mål

Ein av dei, førstekeeper Petter Meland Aasen, syntest det var artig å få prøve seg som høgreback.

– Eg følte det gjekk fint eg. Men om to-tre veker er eg nok tilbake som keeper, visst ikkje må eg byrje med uthaldstrening, og det er eg ikkje så glad i, ler Aasen.

Han var elles tilbake for A-laget for første gang sidan NM-kvaliken mot Ørsta i mars. Og Aasen klarte seg bra som back, og viste seg som ein viktig leiarskikkelse i dei avgjerande sluttminutta.

– Eg har litt fotballforståing, og eg tek gjerne i eit tak. Det er viktig det, seier keeperen.

Det var elles Ruben Bjørlykke Storøy som vakta Bergsøy-målet mot Norborg/Brattvåg 2. Han har vore målvakt heile sesongen.

Møter Blindheim torsdag

På fotballens nasjonaldag 16. mai er det duka for ny festkveld på Havila Stadion. Då er det nyopprykte Blindheim som er motstandar.

– Eg spelte mot Blindheim med Volda 2 i 5. divisjon i fjor. Då hadde dei eit ungt lag, eg veit ikkje om det er tilfelle i år og. Forhåpentlegvis blir det sol, så då er det berre for folk å kome. Vi scorar minst to mål per kamp, så eg vil seie at vi er eit underhaldande lag å sjå på, smiler Malins.