– Vi har eit «andreomgangssyndrom» som vi må finne ut av.

Det seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff etter å ha sett sitt lag gå til pause med leiinga, for deretter å måtte reise heim utan poeng. Akkurat som i opningskampen borte mot Norborg/Brattvåg 2.

Då vi snakkar med Helsem Hoff er det tydeleg at han er svært skuffa etter denne kampen. Faktisk så skuffa at han er usikker på om han vil kommentere det som skjedde på Valdervoll denne torsdagskvelden i mai.

– Vi er berre veldig sure akkurat no, seier han.

– Det var ein knalltøff kamp med mykje kjemping, og ikkje spesielt mange sjansar. Sjølv om det er jamt føler eg at vi er det beste laget i første omgang. Då vil eg seie at vi er gode til tider. Men når vi kjem ut til andre omgang er det vekke. Vi taper førsteball, andreball. Vi har ikkje struktur i laget, og jobbar ein og ein. Samtidig tek Valder over kommandoen, utan at dei skaper mange sjansar, seier LGFK-sjefen.

Vik ut med skade

Det var som nemnt Robert Vik som scora LGFK sitt mål. Tidleg i andre omgang måtte han gi seg med det som mest sannsynleg er ein hjerneristing.

– Vi er faktisk på veg til sjukehuset med Robert no. Det ser ut til å vere ei hjerneristing, seier Helsem Hoff like etter kampslutt.

Han meiner skada på Vik hadde stor betydning for utfallet av kampen.

– Det var omtrent då Robert gjekk ut vi gav det frå oss. Men vi hadde også ein gigantsjanse på 1-0, hadde vi scora då hadde det vore 2–0 og nok også avgjort. Men Valder-keeperen leverer ei fantomredning. Etter den brente sjansen slutta vi å gjere det vi skulle, meiner Hoff.

Han presiserer at litt av grunnen nok også er at LGFK har litt stong ut om dagen.

– 1–1 kjem når Steffen (Moltu, red.mrk) er litt uheldig på eit tilbakespel. Og på det andre så scorar dei på ein corner der ballen er utover dødlinja. Alle såg det, men linjemannen såg det ikkje. Eigentleg overraskar det meg ikkje, då dommarane var under ein kvar kritikk heile kampen. Men det er lite å gjere med det. Vi har marginar imot, og er svært uheldige, seier trenaren.

Kri­tisk til dom­ma­ra­ne

Sam­ti­dig mei­ner Hel­sem Hoff at det er vik­tig å pre­si­se­re at dom­ma­ra­ne var ge­ne­relt sva­ke, og at det gjekk beg­ge ve­gar.

– Men at Valder ik­kje får ut­vist spis­sen Olai Rør­stad då han med knot­ta­ne først går inn i ein du­ell med Stå­le (kee­per Rem­øy Pettersen, red.mrk.), er for meg heilt ufor­stå­e­leg. Spe­lar sjølv, samt alle på Valder-ben­ken, sa et­ter kam­pen at han bur­de vore ut­vist, hev­dar Hoff.

– Det sei­er jo litt når lin­je­man­nen lar ein Valder-spe­lar stå ein me­ter inne på bana då han skal ta eit inn­kast, spe­si­elt når lin­je­man­nen sjølv berre er to-tre me­ter unna, mei­ner Hoff.

Det var Zenun Murati frå Giske IL som døm­de kam­pen. Med seg på lin­je­ne had­de han Saravin Sadasaralingam og Bjar­te El­dar Steins­bu frå Bratt­våg.

– Hatt eit tøft kampprogram

Helsem Hoff seier vidare at han har frykta ein tøff sesongstart heilt sidan han såg terminlista.

– Det har vore tre tøffe kampar. No er det Emblem heime 16. mai, og den er livsviktig for oss. Den må vi vinne. For etter Emblem er det Rollon borte. Det er vel kanskje den hardaste kampen du får. Men vi gir ikkje opp, og eg trur at når vi først får den første sigeren så vil det losne for oss, avsluttar LGFK sin nye sjef.