For dei som ikkje kjenner Markus, så er han sonen til Jan Åge Fjørtoft, og barnebarnet til kommunestyrerepresentant i Sande og Larsnes/Gursken-ikon Kåre Fjørtoft.

Vi trefte på tre generasjonar Fjørtoft under lokaloppgjeret mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy fredag. Då tok vi oss ein prat med Markus om livet som omreisande fotballspelar.

– Det har kome som ein konsekvens av korleis eg vil leve livet mitt. Heldigvis har eg alltid hatt ein lidenskap for fotball, så det å kunne forfølgje lidenskapen ved å reise rundt i verda med fotball, og oppleve alt det eg har gjort, det kjem som ein konsekvens av korleis eg vil leve livet mitt. Eit liv med fotball i sentrum, seier Markus.

– Og no har standhaftigheita, samt litt ferdigheiter, gjort at eg har fått denne moglegheita, seier han vidare.

Markus fortel at det var eit ønskje om å gjere noko nytt som førte han ut av Norge.

– Eg ville ta utdanning i utlandet, samtidig som eg framleis ville følgje fotballdraumen, så då var college i USA perfekt. Der gjorde eg det godt nok til å bli sett av andre klubbar. Men så bestemte eg meg for å spele fotball i New Zealand. Det var ei heilt annleis oppleving, og ikkje minst ei fantastisk kulturell oppleving. New Zealand var veldig kult, og eit utruleg vakkert land. Det minner meg faktisk mykje om Sunnmøre, med fjordane og alt.

– Skottland blir autentisk

– Men no dreg eg vidare til Storbritannia og Skottland, som blir ein endå meir autentisk fotballoppleving, spesielt med tanke på at eg er født der. Det har alltid vore ein del av fotballkulturen min, som eg har lyst til å prøve. Målet er å spele, og å etablere seg. Eg kjem som eit litt ukjent kort, då eg har hatt ein annleis veg, så folk kjenner meg nok ikkje så godt. Men eg meiner at den ligaen passar meg godt, med tanke på spelestilen min. Men det er ein veldig tøff veg, så førebuingane byrjar allereie no for meg, seier Markus.

Stolt pappa

Faren Jan Åge hadde som kjent også ei stor fotballkarriere for nokre år tilbake. Han er stolt av det sonen har fått til.

– Det eg er mest stolt over er at Markus har gått ein anna veg, der han har fått ei bra utdanning i USA, og så bruker han no interessa og lidenskapen til å oppleve verda. Det er gøy, meiner den tidlegare landslagsspelaren.

– No kryssar vi alle fingrar for at laget står i toppdivisjonen, avsluttar Jan Åge.

For med to serierundar att å spele, har Hamilton Academical framleis ikkje sikra plassen i den skotske toppserien. Dei har fire poeng meir enn St. Mirren, som ligg på 11.-plass av tolv lag. I neste kamp, måndag 13. mai, har Hamilton bortekamp mot nettopp St. Mirren, i det som blir ein heilt avgjerande kamp. Laget som til slutt blir nummer elleve må ut i ein playoff for å halde plassen i skotsk Premiership.