For utgangspunktet til Bergsøy var rimeleg greitt i søndagens kamp, berre sjumålssiger eller meir ville vere godt nok. Då passa det dårleg at Bergsøy - som i dei tre føregåande kvalifiseringskampane - fekk ein dårleg start. Lillehammer-Faaberg (LFH09) tok leiinga med både 1-0, 5-1 og 8-3.

Men der Bergsøy i dei tidlegare kampane ikkje har klart å slå tilbake, tok dei på Lillehammer samling i botn, og kjempa seg sakte, men sikkert inn i kampen. Ved pause var leiinga til LFH09 redusert til 18-17, etter at Bergsøy endeleg klarte å få angrepsspelet inn på rett spor igjen. Samanlagt var derimot utgangspunktet no at Bergsøy måtte vinne andreomgangen med minst åtte mål.

Starta bra etter pause

Tidleg i andre omgang lukkast også Bergsøy med å utlikne til 22-22, og endåtil ta leiinga 23-22 ved Emil Raknes. Då var opprykkshåpet verkeleg tent, for klokka viste at det framleis var 22 minutt å spele.

Men då Bergsøy-supporterane kryssa fingrane for at herøyværingane skulle auke leiinga, enda det i staden med at LFH09 fann tilbake til flyten i angrep, samtidig som Bergsøy ikkje lukkast med sine forsøk. Dermed var LFH09 på ny i leiinga, og låg lenge å balanserte den på to-tre mål.

Etter kvart blei det også tydeleg at Bergsøy-benken hadde innsett at dette ikkje kom til å gå vegen. Buchardt putta derfor inn på dei to einaste (!) reservane, Bjørn-Inge Tråseth og John-Olav Hide. Som ein liten opptur heilt på tampen blei også unge Hide kampens siste målscorar då han sette inn 33-33. Dermed enda returkampen uavgjort, og sjumålstapet på heimebane blei til slutt det som spolerte opprykksfesten for Bergsøy.

Toppscorar for Bergsøy var som i dei andre kvalifiseringskampane, Evaldas Grieze. Han leverte 12 scoringar. Nest flest putta Emil Raknes med 10, i ein kamp der dei andre Bergsøy-spelarane sleit med å få ballen i mål.

– Det er surt

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt var ein skuffa, men reflektert mann då vi kontakta han ikkje lenge etter kampslutt på Lillehammer.

Vi gjennomfører ein bra kamp, men vi har eit veldig tøft utgangspunkt. Vi hadde ein plan om å halde dei nede på 24-25 mål, men vi slepp dessverre til litt for mange. Det er surt, men slik blei det, seier Buchardt.

– Og nok ein gong får de ein dårleg start?

Ja, det er ein dårleg start i dag og, utan at eg forstår kvifor. Vi var veldig godt førebudd. Men i dag meiner eg gutane viser moral, og vi kjempar oss tilbake i kampen. Dessverre blir vi då litt for «heite», og vil opp i leiinga litt for kjapt, meiner Bergsøy-trenaren.

Men det som irriterer meg er at vi ikkje klarte å stå imot i heimekampen, det blir litt for vanskeleg å jage ei sjumålsleiing, seier Buchardt.

Han forklarer at konfirmasjonar var hovudgrunnen til at Bergsøy i denne kampen berre hadde med seg ni spelarar.

Men det er jo eit teikn på at vi har gjort noko riktig når vi får lov til å spele kampar i mai, meiner Buchardt.

– Ein god sesong

For sett under eitt er Buchardt godt fornøgd med sin første sesong som Bergsøy-sjef.

Det er surt at akkurat no, men det har vore ein god sesong. Eg er stolt over at vi hamna i kvalik, noko som også er ein historisk prestasjon. Vi har vist at vi er kapable til å rykke opp, men dessverre gjekk det ikkje heile vegen, seier han.

Og med gode prestasjonar kjem også auka interesse rundt spelarane. Vestlandsnytt veit at mellom andre U-landslagsspelar Markus Buchardt er i tenkeboksen rundt si eiga handballframtid. Far og trenar Thomas Buchardt seier at sonen skal få gjere sin eigen avgjersle om framtida. Når det gjeld Thomas sjølv, signerte han ei toårskontrakt med Bergsøy før sesongen, og er førebudd på å halde fram som trenar for herøyværingane.

Vi har ikkje tenkt så mykje på neste sesong enno. Vi får gjere opp status til veka, så får vi sjå kva som skjer framover, avsluttar Buchardt.