Det var ei god ramme rundt kampen på River Plate, sjølv om det overraskande vintervêret til tider gjorde det uhyggeleg både for spelarar, dommarar og publikum. Supporterar frå både Herøy og Sande møtte opp, og Gursken skulekorps sørga for stemning før kampen. Dei gav også melodi til innmarsjen, der vi kunne skimte at spelarar og trenarar hos begge lag var klare for ein krig.

Kampen var elles av den jamne sorten, der Larsnes/Gursken fekk den første sjansen, medan det var Bergsøy som fekk den første store sjansen. Mål blei det derimot ikkje før etter halvtimen spel, då Steffen Moltu scora årets første på River Plate. Dessverre for den tidlegare Hødd-spelaren var målet eit godt gamaldags sleivspark i eige nett. Dermed sende Moltu Bergsøy i leiinga til pause.

I andre omgang kjempa LGFK for å kome seg tilbake i kampen, samtidig som Bergsøy-spelarane såg meir og meir slitne ut. LGFK fekk også moglegheita dei hadde venta på nokre minutt inn i omgangen, men Bergsøy-forsvaret redda på streken. I staden for utlikning skulle ein anna tidlegare LG-spelar vise seg fram. Thomas Sætre Hauge blir spelt flott gjennom, og sandssokningen er sikkerheita sjølv då han set inn 2-0-leiinga for gjestane frå Herøy.

– Det var godt å få målet, sjølv om det alltid er litt spesielt når det skjer her. Det var i alle fall viktig at vi slo tilbake etter «skitkampen» mot Hareid, seier Sætre Hauge etter kampen.

For fleire mål blei det ikkje i Gurskebotn, og Bergsøy-trenar Tommy Malins kunne knytte nevane for sine første tre poeng som Bergsøy-sjef.

– Reddar heile veka for oss

Og det var ein svært fornøgd, men kald Malins, som tok seg tid til å prate med lokalavisa etter kampen.

– Dette resultatet reddar heile veka for oss. Sjølvsagt visste vi at det ville bli vanskeleg med to kampar så tett, men kampen gjekk akkurat slik som vi hadde planlagt.

– Og denne gongen spelar marginane på lag?

– Ja, det var eit par tilfelle der ballen gjekk vår veg. Mest i andre omgang, for i første følte eg at vi hadde kontroll. Eg vil ikkje seie at vi var briljante i første omgang, men vi kunne i alle fall ikkje ha brukt det som ei unnskyldning at vi var slitne allereie før pause, seier Malins.

Sett under eitt meiner Malins at Bergsøy gjorde akkurat det dei skulle.

– Det var nok ikkje den mest underhaldande kampen å sjå på, då det er hardt å spele under desse forholda, spesielt når vi stiller med ni av dei same spelarane som spelte kampen mot AaFK. Men gutane følgde planen, og gjorde jobben. That is class from the boys, konkluderer Bergsøy-trenaren.

Bergsøy møter no Norborg/Brattvåg 2 på heimebane i sin neste kamp.

– Beste laget i andre omgang

Larsnes/Gursken-trenar Anders Helsem Hoff meiner LGFK hadde fortent meir.

– I første omgang har vi litt for høge skuldrer, og gir Bergsøy dei sjansane dei får. Målet er det verste eksempelet på det, og det er eigentleg berre uflaks at det skal skje. I andre omgang meiner eg at vi er det beste laget, og så får i staden dei eit mål ut av ingenting. Deretter pregar vêret kampen. Vi er nære, men forskjellen er at dei set sjansane sine, seier Helsem Hoff.

LGFK-trenaren har derimot lite til overs for utspela frå Bergsøy-trenar Tommy Malins.

– Det vart ein kamp som forventa. Jamn og hard mellom to gode lag. Bergsøy-spelarane viser at sytinga til Tommy Malins berre var eit spel for galleriet. Han gjorde det for å sikre seg ei god unnskyldning om det skulle bli tap, meiner LGFK-trenaren.

Møter Valder torsdag

Neste kamp for LGFK er Valder borte komande torsdag.

– Det blir nok ein hard kamp, men om vi held fram som i andre omgang mot Bergsøy skal vi så absolutt gi dei ein god kamp. Vi må få oss eitt poeng eller tre der, meiner Helsem Hoff.

– Kjenner de på presset?

– Nei, spelar vi som i dag veit vi at poenga vil kome, avsluttar Helsem Hoff.