Lillehammer-Faaberg må ha studert Kristiansand si vinnaroppskrift, for i Herøyhallen gjorde gjestane frå Oppland akkurat det same som sørlendingane gjorde førre veke, nemleg ta tak i kampen frå start av. Med Kim Tajet Skaug i spissen fekk LFH09 tidleg ei komfortabel leiing og leia blant anna med 3-0 og 8-3 tidleg i kampen.

– Vi var klare for å gi alt frå start av, men vi makta det ikkje, seier Håkon Tømmerdal Forberg til Vestlandsnytt etter kampen.

For første omgang var gjestane sin omgang i Herøyhallen. Eigentleg seier det sitt når heimepublikummet sin største applaus gjekk til Zilvinias Grieze, som gjorde comeback etter ei lengre pause frå handballen. Han klarte seg bra i comebacket, og fekk også namnet sitt i målprotokollen tre gongar i løpet av kampen.

Men LFH09 kunne nok summere det opp som komfortabelt då dei leia med 18-10 like før pausesignalet. Ei leiing som krympa med eitt mål då Evaldas Grieze fekk inn ei scoring heilt på tampen.

Betre i andre omgang

Etter pause klarte Bergsøy å kjempe seg inn i kampen, og det vart ein fartsfullt omgang. Men gjestane hadde heile vegen ei leiing på mellom seks og ni mål, og kontrollerte kampen. Bergsøy var på si side kvikkare i angrepsspelet, og spesielt Evaldas Grieze fann tilbake til målforma. Som mot Kristiansand enda toppscoraren på 11 mål. Emil Raknes scora nest flest med fem.

Dessverre for herøyværingane var ikkje forsvarsspelet like bra, og Lillehammer-Faaberg fekk til tider alt for mykje rom å boltre seg på. Fremst i rekka var Magnus Sandvik Mangrud og Kim Tajet Skaug (begge åtte mål). I tillegg var Mehdi Hashemi og Anders Jensvoll sentrale, og netta fem scoringar kvar.

Bergsøy prøvde ulike variantar for forsvarsspel i andre omgangen, og spesielt Kim Tajet Skaug sleit i dei periodane der Jonas Gudmundsen Lund låg som eit solid frimerke på han. Også Markus Buchardt var flytta ut frå den normale forsvarsoppstillinga og hadde ansvaret for Anders Jensvoll. Buchard lukkast delvis.

I det kampen nærma seg sluttsignalet leia Lillehammer-Faaberg med ni mål, og såg ut til å få eit svært godt utgangspunkt før søndagens returkamp i Oppland, men heilt på tampen gira Bergsøy litt opp og lukkast med å redusere nederlaget til sju mål. Dermed har Bergsøy eit vanskeleg, men ikkje umogleg utgangspunkt før returkampen søndag klokka 16:30, ein kamp du ser direkte på vestlandsnytt.no. Sluttresultatet i Herøyhallen vart 28-35.

– Kan ikkje byrje kampane slik

Lagleiar for Bergsøy, Jan Erik Myrseth, var skuffa etter nok eit nederlag.

– Vi kjem under med sju i første omgang, og endar opp med å tape med sju. Det seier seg sjølv at vi ikkje kan byrje alle kampane slik. Det er starten som feller oss i dag, meiner Myrseth.

Det same meiner hovudtrenar Thomas Buchardt, som trengte ei lita pustepause for å samle seg etter den skuffande opplevinga.

–  Vi er ikkje med dei første sju-åtte minutta, igjen. Det er veldig trist å sjå at vi ikkje er på når det startar. Alt ser jo bra ut før kampen; det vi gjer på trening, korleis vi skal løyse oppgåva, oppvarminga er bra. Nei, det er veldig bekymringsverdig. Det blir litt som når du byr opp til dans, men så har du ikkje nokon å danse med, seier ein svært skuffa Thomas Buchardt.

– Vi kan klare det

Men Buchardt er samtidig klar på at sju mål ikkje er umogleg i handball.

– Vi er fullt kapable til å hente opp sju mål. Men det blir viktig at vi ikkje tenker at vi må jage frå start av, vi kan ikkje bli stressa, for då går ikkje dette vegen. Men eg har god tru på at vi skal klare å snu dette, avsluttar Buchardt.

Håkon Tømmerdal Forberg trur også at Bergsøy kan overraske på søndag.

– Eg har framleis trua på at vi kan klare dette. Vi har ikkje gitt opp, vi må berre unngå å spele slik vi gjorde dei første 20 minutta. Resten er vi fullt på høgde, meiner Tømmerdal Forberg.

- 60 knallharde står att

LFH09-trenar Thomas Jonsdal var sjølvsagt svært fornøgd etter kampen.

– Vi er svært godt nøgde med det utgangspunktet vi skaffar oss i dag. Men det er framleis 60 knallharde som står att. Vi har ikkje rykka opp enda.

– Men det er ei komfortabel leiing de har?

– Eg vil i alle fall seie at det er betre å vere i den båten vi er i no, enn det er å skulle hente opp dette, meiner Jonsdal.

Han hasta deretter av garde.

– Vi må kome oss heim. Det er jobb 07:30 i morgon.

Om det blir Lillehammer-Faaberg eller Bergsøy som tek den siste plassen i neste sesongs 1. divisjon ser du direkte på vestlandsnytt.no klokka 16:30 komande søndag.