I kveld smell det på River Plate: – Dei har fyrt oss litt ekstra

Bergsøy-trenar Tommy Malins meiner Larsnes/Gursken har gitt Bergsøy ei ekstra dose med motivasjon før kveldens lokaloppgjer. På motsett side står LGFK-trenar Anders Helsem Hoff, med ein plan om å bruke Bergsøy-fortida for alt det er verdt.
Sport

Heilt sidan det blei klart at Bergsøy skulle møte Aalesund i cupens 1. runde 1. mai, har diskusjonane gått. Kjem lokaloppgjeret mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy, sett opp fredag 3. mai, til å bli flytta?