Vi sender begge kvalifiseringskampane!

Denne veka blir det avgjort om det er Bergsøy eller Lillehammer-Faaberg som tek den siste plassen i neste sesongs 1. divisjon. Vi sender begge kampane direkte!

EVALDAS GRIEZE: Var den einaste Bergsøy-spelaren som scora i løpet av dei første 34 minutta i førre kamp mot Kristiansand. Dermed sikra Kristiansand seg plassen i 1. divisjon. No må Grieze få med seg lagkameratane når Bergsøy får ein siste sjanse til å kvalifisere seg til 1. divisjon. ARKIVBILDE  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Sport

Vestlandsnytt held fram satsinga på direktesendt sport, og viser både heimekampen og bortekampen når Bergsøy møter Lillehammer-Faaberg i dei avgjerande kvalifiseringskampane om retten til spel i 1. divisjon.

Torsdag klokka 19.00 er det klart for første kamp mellom Bergsøy og Lillehammer-Faaberg i Herøyhallen. Vi byrjar sendinga om lag 18.50.

Søndag klokka 16.30 går returkampen i Oppland. På vestlandsnytt.no kan du sjå om Bergsøy-herrane klarer å kvalifisere seg til spel i 1. divisjon neste sesong. Begge kampane blir produsert i samarbeid med Sunnmørsposten og avisa GD.

Slik får du sett kampane

For å sjå kampane må du ha digitalt abonnement på Vestlandsnytt. Slikt abonnement kjøper du via vestlandsnytt.no.

Dei som abonnerer på papiravisa har digital tilgang inkludert, og blir oppmoda om å ta kontakt med kundeservice (tlf.: 700 84 400) i kontortida, eller ved å sende ein mail til abonnement@vestlandsnytt.no.