Onsdag 1. mai klokka 17.00 skal Bergsøy forsøke å kopiere fjorårets cupbragd når Aalesunds Fotballklubb på ny tek turen til Havila Stadion Fosnavåg. Staden der cupbomba small i fjor, då Bergsøy vann 2–1 over OBOS-ligalaget.

– Vi har trua på at vi kan klare det igjen. Gutane er klare til å jobbe hardt, og vil svært gjerne gjenta fjorårets prestasjon. Vi har sett kampane deira, og har ein spesifikk plan for korleis vi skal slå dei, seier Malins.

Sjølv om AaFK har fått ein god start på sesongen i OBOS-ligaen, då dei toppar tabellen og har vunne fire av fem kampar, meiner Malins at det er mogleg å finne fleire svakheiter i spelet til Lars Bohinen sine menn.

– Men det vil eg berre dele med spelarane, seier engelskmannen.

Han meiner elles at det å møte AaFK er inspirerande for Bergsøy sine spelarar.

– Det er ei fin moglegheit. Dette er ein sjanse spelarane ikkje får så ofte.

Bergsøy er inne i eit tøft kampprogram for tida, og får truleg mindre enn 48 timar mellom AaFK-kampen og lokaloppgjeret mot Larsnes/Gursken.

– Det er eit tøft program for ei lita tropp. Men vi går på bana med fullt lag, så får vi heller plukke av nokre av dei faste om det går dårleg, seier Malins.

– Har de trent på straffer før kampen då?

– Nei. Men Frank Sverre (assistenttrenar Skorpen) vil heilt sikkert trene litt på straffer. Han likar å vere førebudd, ler Malins.

– Vi skal prøve

Bergsøy-spiss Franjo Tepuric har funne målforma i det siste, og vil gjerne senke AaFK endå ein gong, men kroaten er litt pessimistisk før kampen.

– Det blir vanskeleg å gjere det igjen. Men vi skal prøve då, seier Tepuric.

Som elles rapporterer om ei motivert spelargruppe før møtet med Sunnmøre sitt fotballflaggskip.

Om cupbomba smell igjen ser du direkte på vestlandsnytt.no, klokka 17:00 på onsdag. Sendinga er eit samarbeid med Sunnmørsposten, og før kampen vil det vere ei opplading til kampen. Denne byrjar 10–15 minutt før kampstart.