– Vi skal gjere det betre enn i heimekampen. Det sa Bergsøy-trenar Thomas Buchardt før søndagens bortekamp i Kristiansand.

Men det såg ikkje ut som spelarane hadde same plan som sjefen i denne kampen. Kristiansand leikte seg med Bergsøy frå start av, og leia 6–0 etter fem minutts spel.

Utover omgangen blei det berre verre for Bergsøy, og Thomas Buchardt kasta timeout-kortet i bordet til sekretariatet, ikkje berre ein gong, men to gongar. Den vanlegvis så blide Bergsøy-sjefen leverte fleire oppstrammarar til sine spelarar, utan at det verka som spelarane responderte på Buchardt sine formaningar.

Ved pause var stillinga heile 21–6 til Kristiansand, og Bergsøy var dermed smått utrulege 24 mål bak samanlagt. Verdt å merke seg er det og at Evaldas Grieze scora alle Bergsøy sine mål før pause.

Heva seg litt etter pause

Akkurat som då laga møttest i Herøyhallen onsdag, klarte Bergsøy å kjempe seg inn i kampen etter pause. Opprykksklare Kristiansand mista flyten, samtidig som Bergsøy fekk meir kontroll over sitt eige spel.

Evaldas Grieze heldt fram med å score, og fekk også med seg lagkameratane. Blant anna scora Markus Buchardt fem mål i andre omgang.

Faktisk enda Bergsøy opp med å vinne 2.-omgangen med 16-15, men sluttresultatet blei likevel stygt, då Kristiansand vann heile 36–22. Samanlagt vann det hardtsatsande sørlandslaget heile 71-48, og sikra seg eit fullt fortent opprykk til 1. divisjon.

– Stikk motsett av det vi skal

Bergsøy-trenar Thomas Buchardt var svært skuffa etter kampen, men tok også tapet med fatning.

– Vi kom ned hit med ein klar plan for kva vi skulle gjere, men så endar vi opp med å gjere det stikk motsette av det vi skal. Og når vi klarer å få litt breidde i angrepet vårt, så set vi ikkje sjansane. Vi får ta med oss at vi klarte å løfte oss litt i andre omgang, seier Buchardt.

– Kva tenker du om at det berre er Grieze som klarer å score i løpet av dei første 34 minutta?

– Evaldas er ein rutinert spelar, han krummar nakken når han må, og han tek tak i kampen. Det er fleire av dei andre som kjem til sjansar også, men dessverre så brenn vi dei vi får, seier Bergsøy-sjefen.

Han nytta elles høvet til å gi reservane Rikard Moe, John-Olav Scott Krumsvik Hide og Bjørn-Inge Tråseth litt speletid utover 2.-omgangen.

– Må riste det av oss

Då vi snakka med Buchardt like etter kampen hadde han allereie retta blikket mot neste kamp. Den kjem allereie på torsdag, då Lillehammer-Faaberg gjestar Herøyhallen.

Opplandslaget heva seg i returkampen mot Fjellhammer og tapte berre med tre, etter å ha fått bank i den første kampen. Då tapte LFH09 med heile 11 mål.

– No blir det ei lang natt oppover, og så får vi ta oss ein fridag måndag. Deretter skal vi sjå Lillehammer på film, og få oss ei god trening både tysdag og onsdag. Tors­dag skal vi vere klare til kamp, sei­er Bergs­øy-sje­fen, som vel å fokusere på det positive.

– No får vi sjan­sen til å fylle hal­len endå ein gong!

– Framleis sterk i trua

Buchardt rapporterer om godt humør blant Bergsøy-gjengen.

– Humøret er bra, og eg er framleis sterk i trua på at vi skal klare dette. Lillehammer er ikkje i nærleiken av å halde same nivå som Kristiansand, som har fleire rutinerte elitespelarar. Men vi må opp nokre hakk, vi blir litt avslørt i kampane mot Kristiansand, avsluttar Buchardt, som elles er klar på at Bergsøy ikkje kan levere fleire førsteomgangar som dei mot Kristiansand.

Heimekampen går altso i Herøyhallen komande torsdag, med returkamp søndag kveld.