– Vi har no kome oss til Langesund. Så då er det eit par timar igjen.

Det seier Bergsøy-trenaren då vi kontaktar han i åttetida laurdag kveld. Buchardt, spelarane og resten av støtteapparatet sette seg på bussen klokka 08:30 laurdag morgon, og la då ut på den lange bussreisa til Kristiansand. Det var elles ikkje planen, då Bergsøy hadde bestilt flybillettar til Kristiansand. Men takka vere SAS-streiken fekk Bergsøy ekstra utfordringar i det som allereie er ein vanskeleg situasjon, i alle fall sportsleg sett.

– Heilt ideelt er det jo ikkje, men vi får ikkje gjort noko med flytrøbbelet. Vi er positive og kosar oss på tur. Her er humøret på topp, seier Buchardt.

– Har ikkje gitt opp

Bergsøy tapte som kjent 26-35 då laga møttest i Herøyhallen onsdag. Dei har derfor eit svært vanskeleg utgangspunkt før kampen på Sørlandet søndag kveld.

– Vi har ikkje gitt opp, og skal gi det eit ærleg forsøk. Vi har eit klart mål om at vi skal gjere det betre enn i heimekampen, seier Bergsøy-trenaren.

Han innrømmer at heimekampen var ei skuffande oppleving.

– Første omgangen var skrekkeleg, der vi mellom anna hadde 11 tekniske feil. Totalt sett var nok prestasjonen meir skuffande enn resultatet, meiner Buchardt.

Men no er altso humøret på topp igjen, og det er eit optimistisk Bergsøy som går på bana i Gimlehallen søndag kveld klokka 18:00.

– Får vi ein god start, så kan vi utnytte det. Gutane våre blei prega av presset då motgangen kom, og det same kan skje dei. Å hente opp ni mål er ikkje meir enn eit par mål i kvarteret det, og det kan vi klare, seier Buchardt.

– No må vi berre kome oss fram, og så er vi klare til å gi gass i morgon!

Gjer opp status etter kampen

Skulle det ikkje gå vegen for Bergsøy mot Kristiansand, er det heldigvis ikkje over endå. Taparen får ein ny sjanse mot taparen av kampen mellom Fjellhamar og Lillehammer-Faaberg. Der var Fjellhamar suverene i første kamp, og vann med heile 11 mål.

Mykje tyder difor på at det blir Bergsøy mot Lillehammer-Faaberg i «taparduellen». Om det blir realitet går første kampen i Herøyhallen torsdag 2. mai, med returkamp søndag 5. mai.

–  Vi får gjere opp status i morgon kveld. Lukkast vi ikkje mot Kristiansand, så har vi nok ein plan for korleis vi skal klare det på neste forsøk. Men først ut er Kristiansand, seier Bergsøy-sjefen.

Uansett resultat søndag, etter kampen ventar ei ny og lang bussreise. Den blir nok vesentleg lettare om kampen går Bergsøy sin veg.

– Etter kampen skal vi få i oss litt mat, så blir det busstur natt til måndag. Vi er nok framme i 9-10-tida måndag morgon, så då tek vi fri på måndag. Skal vi spele fleire kampar blir det full mobilisering på trening tysdag og onsdag, og så skal vi vere klare til kamp på torsdag, avsluttar Buchardt.

Søndagens kamp har avkast klokka 18:00, og blir sendt direkte på vestlandsnytt.no.