Scoringar frå Henrik Almestad Hauge, Oliver Sulebakk Sylte, Tomas Mork og Kevin Pettersen Kristiansen (2) sørga før ein flott 5-2-siger over Flø i sandssokningane sin første seriekamp i år. Dei møter no Vanylven heime på River Plate onsdag 1. mai. Det er samtidig vanylvingane sin første seriekamp i år.

Tyngre vart det for Tjørvåg som tapte 2–5 heime for Åmdal. Tobias Arnesen Tjervåg gav Tjørvåg leiinga, men Åmdal snudde til 1-4. Remi Andre Vattøy reduserte til 2-4, før Åmdal fastsette sluttresultatet til 2-5. Tjørvåg har bortekamp mot Vartdal 1. mai.

Bergsøy 2 sin opningskamp mot Vartdal vart utsett, og blir spela laurdag 25.mai. Bergsøy 2 har heller ikkje kamp i neste runde. Deira opningskamp blir difor lokaloppgjeret mot Tjørvåg på Tjørvåg stadion onsdag 8. mai.

Opningsrundens siste kamp gjekk mellom Ørsta 2 og Sæbø, og enda 1-1.