Larsnes/Gursken tapte etter overtidsscoring: – Vi vart for ivrige

Norborg/Brattvåg 2 og Larsnes/Gursken hadde kvar sin omgang i vindfulle Uggedalen torsdag kveld då årets første seriekamp i 4. divisjon blei spela. Dessverre for sandssokningane stakk heimelaget av med sigeren på overtid.

SONDRE VOKSØY BRINGSVOR: Blei første målscorar i årets 4. divisjon Sunnmøre då han gav Larsnes/Gursken leiinga ti minutt før pause. Dessverre for Voksøy Bringsvor og LGFK rakna det i andre omgang. ARKIVFOTO  Foto: Stian Langlo Driveklepp

Sport

– Vi fekk corner på overtid, og då vart vi for ivrige etter å avgjere kampen, så dei utnytta vårt offensive spel og kontra inn sigersmålet, seier LGFK-trenar Anders Helsem Hoff på telefon frå Haram like etter kampslutt.